«Koffor hvert vi så iriterte på skrive feil? » ved Kristin Fridtun og André Ulveseter. Samtaleleiar Sindre Hovdenakk

7. juni, kl. 17.00, Salen, Aasentunet

Er du ein av dei som vert irritert når du les denne overskrifta? Lurer du på kvifor det skapar så mykje engasjement å sjå  ord og setningar skrivne feil? Då bør du få med deg samtalen mellom filolog Kristin Fridtun og komikar André Ulveseter. 

Kristin har skrive boka Kunsten å irritera seg over skrivefeil: kvifor gjer me det, og har det noko for seg?.  André står bak sosiale media-kontoen «Bilder i kampen mot særskrivingsfeil». Samtalen blir leia av årets litteraturkritikar 2023, skribent og forfattar Sindre Hovdenakk.

Type:
Festspela

Tid:
7. juni, kl. 17.00

Stad:
Salen, Aasentunet