Opningskonserten på Utescena torsdag 6. juni er med Odin Staveland, under artistnamnet Odin. Han er for mange kjend som låtskrivar, vokalist og trommeslagar i Vamp. Multikunstnaren har også laga eigen musikk til film og teater, og medverka, produsert og skrive musikk for nokre av landets mest kjende artistar. Odin debuterte som soloartist i 2015, og i 2020 gav han ut det kritikarroste albumet Sillajass. Saman med bandet gjer han konsertar som er intense, særeigne og leikne. I 2024 er Odin aktuell som deltakar i TV2-programmet Hver gang vi møtes.
Konsertstaden
I Aasentunet har me ei nydeleg Utescene. Heile området har plass til totalt 600 personar. Området er delt inn i to ulike billettsektorar, og ein må difor velje mellom to ulike område å kjøpe billettar til:
- AMFIET: Sitjeplass i det plassbygde amfiet rett framfor scena. Her er det plass til 300 personar.
eller
- LYNGEN: Plass i graset og lyngen rundt det plassbygde amfiet. Her er det òg mogleg å setje seg ned, så ta gjerne med eige sitjeunderlag. Her er det plass til 300 personar.
Me oppmodar publikum om å kjøpe billett tidleg, då billettane i fjor vart utselde i løpet av kort tid.