Bortom allfarveg med Gunnar Garfors

Gunnar Garfors. Foto: Linda Cartridge

Litteraturhus i Møre og Romsdal inviterer til foredrag med forfattar Gunnar Garfors. 25.–28. mai vitjar han Hareid, Stranda, Sula, Sykkylven og Ålesund. Med seg i sekken har Garfors den ferske boka si om stader mange ikkje kjenner til, men som er vel så vakre som andre kjende reisemål.

Forfattar Gunnar Garfors er kjend for å ha besøkt alle landa i verda. I dette foredraget presenterer globetrotteren den nye boka si Bortom allfarveg og tek publikum med til nye stader i Noreg – stader som ikkje nødvendigvis ligg så veldig langt utanfor allfarveg, men som mange går glipp av på veg til meir kjende reisemål.

– Mange planlegg ferie i Noreg i år. Møtet med Garfors kan gi inspirasjon til både dei som skal reise, og dei som vil drøyme seg vekk og høyre om nye reisemål der dei bur, seier Tone Slenes, avdelingsleiar i Nynorsk kultursentrum. Ho oppmodar om å følgje med på lokale og nasjonale smittevernreglar.

I mai og juni skal også forfattar Brit Bildøen besøkje Sunnmøre, og utvalde skular og bibliotek får besøk av forfattarane Helene Guåker og Hilde Myklebust.

Med prosjektet Litteraturhus i Møre og Romsdal gir Nynorsk kultursentrum og Bjørnsonfestivalen folk i heile fylket gode litteraturopplevingar der dei bur. Turneane er planlagde i samarbeid med biblioteka i kommunane. Arrangementa er gratis, men med avgrensa plass og faste plassar er det krav om påmelding på førehand. Biblioteka er ansvarlege arrangørar og har system for påmelding, informasjon og smittevern i samsvar med gjeldande koronarestriksjonar.

Litteraturhus i Møre og Romsdal får økonomisk støtte frå Møre og Romsdal fylkeskommune, kommunane som deltek, og andre aktørar med regional forankring.

Det står meir informasjon om prosjektet her. Informasjon om arrangementa finn du på Facebook-sidene til biblioteka. Du kan også følgje prosjektet på Facebook-sida til Litteraturhus i Møre og Romsdal.

Boka Bortom allfarveg kan du kjøpe i nettbutikken vår, Handlenett.no.