Bygdeprideprisen til folka i Aasentunet

Bilete av Anbjørn Steinholm Frislid, Olav Øyehaug Opsvik, Per Magnus Finnanger Sandsmark, Ida Aarflot Kornberg, Tone Slenes, Stine Stennes Hovdenakk, Benedikte Flataker og Fredrik Hope. Frå utdelinga av Bygdeprideprisen.
Anbjørn Steinholm Frislid, Olav Øyehaug Opsvik, Per Magnus Finnanger Sandsmark, Ida Aarflot Kornberg, Tone Slenes, Stine Stennes Hovdenakk, Benedikte Flataker og Fredrik Hope. Foto: Nynorsk kultursentrum

Under Skeiv kulturkveld i Aasentunet onsdag kveld, fekk Nynorsk kultursentrum og Aasentunet overrekt årets Bygdepridepris.

 

– Vel så mykje som ein pris til institusjonen, er dette ein pris til folka i Aasentunet. De har gjort mykje meir for skeive og Bygdepride enn kva stillingsinstruksen tilseier, sa nestleiar i Bygdepride, Anbjørn Steinholm Frislid då han på vegner av styret i Bygdepride overrekte prisen.

Bygdeprideprisen vert delt ut til ein eller fleire personar, eller til ein institusjon/organisasjon. Prisen vart delt ut for fyrste gong i 2019, men grunna pandemien er det fyrst no i 2022 at prisen endå ein gong vert delt ut.

I grunngjevinga vert det peika på at Aasentunet har vore med og støtta Bygdepride heilt sidan starten i 2018. Aasentunet/Nynorsk kultursentrum tok sjølve initiativet til å vere med som medspelar. Sidan har Aasentunet vore med på arrangementa kvart einaste år.

– Aasentunet har medverka til å gje Bygdepride breidde og djupne. Aasentunet er med på å gjere det enklare å vere skeiv på Søre Sunnmøre, seier leiar i Bygdepride, Rune Sæbønes.

– Vi er takksame for prisen. For oss har det vore sjølvsagt å inkludere Bygdepride i programmet vårt sidan starten, takka arenaleiar Olav Øyehaug Opsvik.

 

Rune Sæbønes, Bygdepride