Byggjer om resepsjonen
Aasentunet byggjer om resepsjonsområdet i perioden 19. februar til 15. mars. I samarbeid med Hille Strandskogen Arkitekter er det lagt planar for ei opnare løysing.
Aasentunet held stengt i heile ombyggingsperioden. Vi gler oss til å ta imot publikum når ombygginga er ferdig i mars! Varer frå museumsbutikken er tilgjengelege på handlenett.no, og kulturfagleg innhald er tilgjengeleg på nynorsk.no.
– Med ombygginga får Aasentunet lokale som er betre eigna for arrangement, festival og utleige. Vi er glade for at arkitektane, som har lang erfaring med Sverre Fehn-bygg, har funne ei løysing som er både praktisk og innbydande, seier direktør i Nynorsk kultursentrum Per Magnus Finnanger Sandsmark.