Det vert meir nynorsk kultur i 2021

Bilete av Per Magnus Finnanger Sandsmark, direktør i Nynorsk kultursentrum og Lodve Solholm, styreleiar i Nynorsk kultursentrum.
Direktør Per Magnus Finnanger Sandsmark og styreleiar Lodve Solholm i Nynorsk kultursentrum. Foto: Sunniva Lund Osdal.

Tilskota til språktiltak, museum, teater og opera som formidlar og forvaltar nynorsk kultur, aukar i 2021. – Regjeringa gjer det dei lovar, og styrkjer språksatsinga over Kulturdepartementet, men vi saknar språktiltak i andre budsjett, seier styreleiar i Nynorsk kultursentrum Lodve Solholm.

Regjeringa held fram opptrappinga og styrkjer dei språkpolitiske tiltaka gjennom Kulturdepartementet med 11,5 millionar. Her vert både språkteknologi, nynorsk i media og nynorsk til barn og ungdom prioritert høgt.

– Kulturminister Abid Q. Raja syner at regjeringa har meint alvor når språkleg mangfald har vorte eit prioritert område i kulturpolitikken, seier styreleiar i Nynorsk kultursentrum Lodve Solholm.

Utfordrar Sylvi Listhaug
Sylvi Listhaug er hovudforhandlar for FrP i forhandlingane med regjeringa. – Listhaug representerer nynorskbrukarar frå Møre og Romsdal på Stortinget. Eg har von om at ho ser at denne delen av kulturarven må takast vare på, og at nynorsk er med i tankane i både kultur-, kunnskaps- og forvaltningspolitikken, legg styreleiar Solholm til. Regjeringa har enno ikkje følgt opp det samrøystes stortingsvedtaket frå 2016 om retten til å få opplæring på eige skriftspråk til og med 10. steget.

Kunnskapsdepartementet føreslår å styrkje støtteordninga for lærebøker for høgare utdanning på norsk og samisk. – Dette er positivt, men for vagt. Ordninga vart oppretta for å sikre jamstilling mellom bokmål og nynorsk, men det er ingen insentiv til å sørgje for at lærarar, sjukepleiarar, politifolk og andre som skal arbeide i nynorskområde, får sjå og bruke nynorsk fagspråk gjennom denne ordninga. Vi ventar at regjeringa reviderer ordninga i tråd med språkpolitikken, seier direktør i Nynorsk kultursentrum Per Magnus Finnanger Sandsmark.

Kulturministeren lanserer i statsbudsjettet eit krafttak for mangfald og satsar 12 millionar kroner på barne- og ungdomskultur, inkludert 4 millionar til Den kulturelle skulesekken.
– Nynorsk må vere ein sjølvsagd del av barnekultur- og mangfaldspolitikken. Vi vonar regjeringspartia og FrP vert samde om at dette må styrkjast, seier Solholm.

Opnar Vinje-senteret i 2021
Nynorsk kultursentrum får ført vidare støtta frå 2020, delvis kompensert for løns- og prisvekst, og får 600 000 kr i koronakompensasjon for første halvår. Dersom Stortinget følgjer regjeringa, får Nynorsk kultursentrum eit tilskot på 23,57 millionar i 2021.

– Løyvinga gir rom for å opne Vinje-senteret for dikting og journalistikk neste år. Dette vert ei nasjonal storhending med den første utstillinga som undersøkjer korleis journalistikken og diktinga både speglar og pregar fakta og fantasi i samfunnet vårt, seier direktør Per Magnus Finnanger Sandsmark. Han trekkjer også fram at Nynorsk kultursentrum, gjennom eigne prioriteringar, får høve til å vere til stades med arrangement og utstillingar i heile landet med dette framlegget til statsbudsjett.