– Dette er eit møtepunkt mellom dei to viktigaste tinga i livet mitt. Det er litt som ein draum
Med eit femte tilskot på plass i staben går Vinje-senteret eit hektisk år i møte. No jobbar dei for fullt med å fylle museet som Nynorsk kultursentrum opnar neste haust.
Og plutseleg var dei fem
Denne månaden flyttar dei tilsette inn i kontora sine på Vinje-senteret for dikting og journalistikk. Det oppdaterte bygget som snirklar seg gjennom romma til gamle Vinje skule, er så godt som ferdigstilt, og arbeidet med innhaldet museet skal huse, er i gang. Neste haust opnar utstillinga som tek føre seg fakta og fantasi i diktinga og journalistikken.
Fram til no har det vore fire tilsette ved museet. No har det kome ytterlegare støtte frå Kulturrådet, slik at museet også kan tilsette Juan Gutiérrez-Maupomé. Den Vesaas-interesserte omsetjaren frå Mexico har vigd heile livet sitt til museum og litteratur, og han glir difor rett inn i aspirantstillinga, der han skal arbeide med å utforme innhaldet i utstillinga.
– Dette er eit møtepunkt mellom dei to viktigaste tinga i livet mitt. Det er litt som ein draum, seier Gutiérrez-Maupomé.
Ei morosam utfordring
I heile 25 år arbeidde han med å designe og utvikle museum i heimlandet. Det siste museet på oppdragslista hans var Museo Nacional de Arte (Nasjonalkunstmuseet) i Mexico by. Arbeidet med utstillinga på Vinje-senteret opnar eit nytt kapittel i museumsarbeidet for Gutiérrez-Maupomé.
– Vanlegvis er museum objektbasert, men her skal det handle om litteratur og journalistikk. Det blir ei morosam utfordring.
Det språklege mangfaldet i forfattarskapane utstillinga skal femne om, får andletet hans til å lyse opp.
– Det er veldig interessant at Vinje-senteret er eit nasjonalt museum med nynorsk som fokus. Det er store forfattarskapar me har med å gjere her. Det er heilt perfekt, seier Gutiérrez-Maupomé.
– Her kjem han særs godt med
Dagleg leiar Kristian W. Rantala ved Vinje-senteret er veldig glad for støtta frå Kulturrådet, og for det nyaste tilskotet til staben.
– Eg er veldig glad for at me har fått Juan med på laget, og for at Kulturrådet med denne tildelinga viser at dei har trua på det me driv med.
Bakgrunnen til Gutiérrez-Maupomé gjer Rantala sikker på at meksikanaren vil vera med og løfte utstillinga.
– Juan har masse erfaring både med utstillingsproduksjon og med litteraturen me arbeider med, så her kjem han særs godt med.