Digitale festspel 2020

Festspelpodden: Stormfulle høgder

I høve Digitale festspel 2020 presenterer vi denne samtalen med Ragnar Hovland og Øystein Vidnes som har gjendikta klassikaren «Stormfulle høgder», skriven av Emily Brontë. Anna Kleiva tek oss med inn i prosessen og gjer oss betre kjend med boka.

Kleiva møtte Ragnar Hovland i studio i Oslo, medan Vidnes blei kopla på frå kontoret sitt i Leikanger.

Bilete av Ragnar Hovland
Ragnar Hovland. Foto: Eli Berge/Samlaget

Ragnar Hovland (f. 1952) er forfattar og omsetjar som har skapt eit tekstunivers der det konkrete og det mytiske, det kvardagslege og det absurde vert kopla saman.

Les meir på:

Bilete av Øystein Vidnes
Øystein Videns. Foto Herborg Pedersen/Samlaget

Øystein Vidnes (f. 1976) er forfattar og formgivar, omsetjar og bokmeldar. Bøkene hans har ein humoristisk og eksperimentell stil, på grensa til det surrealistiske.

Les meir på:

Bilete av Anna Kleiva.
Anna Kleiva. Foto: Ingvil Skeie Ljones / Oktober forlag.

Anna Kleiva (f. 1985) er lyrisk forfattar og omsetjar som har markert seg med ei nyskapande poetisk stemme.