Digitale ressursar for barn og unge
Nynorsk kultursentrum har fleire digitale ressursar for barn og unge som er fritt tilgjengelege og som er enkelt å ta i bruk.
For barnehage og småskuletrinnet
På tunkatten.no kan barna lese og høyre spennande forteljingar, songar og lydbøker. Eller kanskje bli med på ein ordleik? Ordspionen Lurivar er svært glad i å samle på nye og rare ord frå barn, som gitarmage og jålepote. Hjelp gjerne barna med å sende inn fleire ord til den superkuleordlistelista. Her kan du også laste ned ein pdf som elevane kan få gjennom Showbie eller liknande.
For 1.–7. trinn
Bok på 1–2–3 er eit undervisningsopplegg til utvalde nynorske barnebøker. Bok på 1–2–3 er utvikla i samarbeid med Nynorsksenteret.
Gjennom Bok på 1–2–3 er det plukka ut ni bøker som det er laga undervisingsopplegg til. Opplegget er enkelt å ta i bruk og er prega av leik, undring og læreglede. Kvar av dei ni bøkene høver til ulike aldersgrupper.
For elevar i ungdomsskulen og vidaregåande opplæring
På allkunne.no finn du over 26 000 kvalitetssikra leksikonartiklar på nynorsk om all verdas emne. Her finn du også temasider om aktuelle emne som klimaendringar, folk på vandring og nynorsk skjønnlitteratur. På allkunne.no kan du også prøve deg på kvissar om blant anna språk, litteratur og historie.
«Rekvisittar for eit liv» er ei nettutstilling som tek utgangspunkt i 20 gjenstandar som Ivar Aasen i si tid eigde. 20 forfattarar har skrive ei forteljing til kvart sitt bilete, og gir med det gjenstandane nytt liv. Tekstane til mellom andre Aina Basso, Gro Dahle, Jon Fosse og Klaus Sonstad står side om side med Aasen sine eigne tekstar henta frå dagbøker og brev. I korte samanfattande sakprosatekstar blir også gjenstandane sett inn i si samtid. Utstillinga er laga for vidaregåande skule, men kan også brukast på ungdomsskulesteget. Det er utarbeidd eigne oppgåver til bruk i norskopplæringa eller i undervising i kulturhistorie.
På nynorsk.no kan du prøve deg på digital poesiverkstad. Her har vi samla spennande, rare og morosame skrivetips frå ulike forfattarar som kan hjelpe deg å kome i gang med skrivinga. Oppgåvene kan brukast i skulesamanheng eller for dei som likar å skrive på fritida. Poesiverkstaden høver best for ungdomsskulesteget, men fungerer også på mellomtrinnet og i vidaregåande opplæring.
Digitale ressursar hos Nynorsksenteret
Skal du drive heimeundervisning eller lage opplegg som elevar kan gjennomføre heime? På nettsida nynorsksenteret.no finn du tips og gratis undervisningsopplegg for barn og ungdom.
Nynorsksenteret har også laga ei oversikt over digitale ressursar:
https://nynorsksenteret.no/blogg/oversikt-over-digitale-ressursar.
Andre digitale ressursar for vaksne
I tillegg til dei digitale tilboda for barn og unge, har Nynorsk kultursentrum ein rekkje digitale ressursar for vaksne. På nynorsk.no finn du publikasjonar som gir innsikt om kulturpolitikk, språk og litteratur. Her finn du også stoff om det nynorske skriftspråket, litteraturen , songar med meir. På nettstadene til musea våre kan du lese om Ivar Aasen, Olav H. Hauge, Aasmund Olavsson Vinje, Tarjei Vesaas, Halldis Moren Vesaas og Aslaug Vaa. På allkunne.no finn du tusenvis av leksikonartiklar om all verdas emne, i tillegg til temasider og kvissar. Leksikonet er den mest omfangsrike kjelda om nynorsk kulturhistorie, med artiklar om folk og institusjonar som har forma den nynorske kulturhistoria, og ei eiga temaside om den nynorske skjønnlitteraturen. På temasida «Språkfakta» kan du finne statistiske fakta om språk frå heile verda, og i artikkelserien «Dagen i dag» kan du lære kva som skjedde på dagens dato i den nynorske kulturhistoria og internasjonale språkhistoria.