Digitale utstillingar

Ungt språkengasjement

Korleis ser det ut når unge tek kampen om språket, og kan engasjerte unge endre den språklege framtida? Sidan 1961 har ungdommar og unge vaksne i Norsk Målungdom organisert, argumentert og demonstrert for nynorsk. Frå starten har dei påverka og endra norsk språkpolitikk.

Nynorsk vinyl – songskatten i rillene

Musikk er ein effektiv veg inn til hjartet. Den nynorske songskatten har vore med på å gjere nynorsken til ein viktig del av identiteten vår.

Publikumsundersøking 2023

Nynorsk kultursentrum gjennomfører ei årleg brukarundersøking. Målet er å kartleggje korleis nettstaden blir brukt og opplevd, og å bruke denne informasjonen til å kunne tilby best mogleg digitale tenester.

Opplysningane vi samlar inn, blir berre brukte i samband med denne undersøkinga.

Undersøkinga tek om lag 2–4 minutt å svare på.

Tilbakemeldinga di gjer oss betre