Tone Hødnebø heidra med Diktartavla 2019

Tone Hødnebø. Foto: Rolf M. Aagaard

Då Tone Hødnebø tok imot lyrikkprisen Diktartavla på Utne 8. juni 2019, fekk publikum oppleve både hardingfelespel og høgtlesing frå prisvinnaren. Vi fekk også høyre ein framifrå presentasjon av Høndebøs forfattarskap, gitt av Sindre Ekrheim. Her publiserer vi Ekrheims innleiing Visjon og revisjon i Tone Hødnebøs lyrikk.

Visjon og revisjon i Tone Hødnebøs lyrikk

Når ein trur ein er komen til yttergrensa i det poetiske universet til Tone Hødnebø, vil ein kan hende erfare at dette ytterpunktet blir drege inn i sentrum i den følgjande strofa. Det er som om diktet spegelvender seg, fordoblar seg, nett som om draumebileta og søvnen blir lagd til den vakne tilstanden.

Eg kan illustrere rørsla med eit bilete frå diktboka Pendel frå 1997: «øynene mine og hjernen min / rommer den himmelske / og jordiske orden». I strofa som følgjer blir diktet utsett for ei motsett rørsle, som verkar å skyve diktet og mennesket ut or verda, mot ei eldre tids verdsforståing: «Jeg skulle slå tilbake / i et fremmed nervesystem / med bankende hjerte / flakse mot stjernene / og med kåpen eller yttertøyet // skandaløst åpnet mot firmamentet / som jeg forvekslet med et sluk» (Pendel, s. 47).

Det er forresten noko lattervekkande her, dette at eg-et, midt i eit stort vitskapleg, metafysisk og eksistensielt ombrøyte og drama der heile verdsordenen held på å ryke, er forfengeleg, oppteken av ytre staffasje, av om det er kledd i «kåpen eller yttertøyet», idet eg-et verkar å ha til hensikt å blotte seg ovanfor stjernene og firmamentet, anten for å skremme, eller berre for å syne seg fram. Dei tre orda «kåpen eller yttertøyet», som nærmast synest som ei slumsete, overflødig, men likevel humoristisk tilleggsopplysning, får ei uvanleg gravitasjonskraft i diktet, trekkjer verda mot den sårbare menneskekroppen og menneskekroppen inn i verda, medan eg-et rasar mot stjernene, eller firmamentet – firmamentet signaliserer ei eldre tids oppfatning av himmelen – som ei fast krystallkjerne stjernene var festa i. Men det er slett ikkje sikkert det handlar om forfengelegheit, eller å blotte seg, for den flaksande og skandaløst opne kåpa er kanskje opna i ein freistnad på å få oppdrift, å fly. Eg ser for meg at kåpeflaka dannar eit vengjepar. Det er ein eldgammal draum om å fly. Eg-et flyr og blottar samstundes sitt indre, denne draumen? Og blir slukt?

I Hødnebøs bilete er det kan hende mogleg å skimte restar av den tyske filosofen Walter Benjamins bilete av Angelus Novus, historias engel: «Den vil nok», skriv Benjamin, «gjerne stoppe opp, vekke de døde og gjøre det istykkerslåtte helt. Men en storm blåser fra Paradis, den har tatt tak i vingene og er så sterk at engelen ikke lenger kan folde dem. Denne stormen driver den ustanselig inn i den fremtiden den har vendt ryggen … Denne stormen er det vi kaller fremskritt» («Om historiebegrepet», til norsk ved Robert Bjørnøy Norseng, i Walter Benjamin, Skrifter i utvalg, Vidarforlaget, 2014).

Det finst fleire moglege inngangar til Tone Hødnebøs poesi. Ein kunne gripe fatt i Hødnebøs årelange interesse for den amerikanske poeten Emily Dickinson, som ho har gjendikta, og som også reflekterer seg i poetens eiga skrift. Eller syne til den tydelege og manifeste teknologifascinasjonen som ytrar seg i dikta, denne gleda over dei utopiske ideane som ofte har skapt og følgt med nye maskinar og nye teknologiske paradigme. Sansen for modellar, mønster, planar, strukturar, utkast. Eller så kunne ein tale om brytningane som utspelar seg i og mellom versa, mellom det rasjonelle og det kjenslemessige, mellom hjernen og hjartet. Eller påtale spenningane, ei kvilelaus veksling og kryssing mellom politikkens og matematikkens område og det menneskespråket som søker innover, mot dei indre tilstandane. Eller ein kunne vise til prosa- og tidsflyten, som så ofte blir brote idet eit poetisk bilete set seg på tvers i straumen.

Mykje er altså på gong i dei stillfarne dikta til Hødnebø. Etter kvart har det danna seg ei meir eller mindre konstant vifte av motiv og tema, som poeten verkar å utfalde, variere og utvikle frå diktbok til diktbok. Tone Hødnebø debuterte i 1989, med Larm. Så i år er det altså tretti år sidan debuten, eit lite jubileum i år, altså. Etter følgde diktbøkene Mørkt kvadrat (1994), Pendel (1997), Stormstigen (2002). I 2004 kom den essayistiske poesipamfletten Skamfulle Pompeii. Deretter diktboka Nedtegnelser (2008) og sist, Nytte og utførte gjerninger (2016).

Kronologiens orden tilseier at ein bør byrje med den første av dei seks diktbøkene til Tone Hødnebø. Eg føretrekker å byrje i andre enden, med den førebels siste diktboka, Nytte og utførte gjerninger frå 2016. Det gjer eg med belegg i diktet «Kronologi» som mellom anna kommenterer rekkefølgje: «men hvordan kan han [Odyssevs] fortelle om Kirke i sang 9 / når han først møter henne i sang 10? / I ettertid er kronologien logisk». Kva kjem fyrst og kva kjem sist? Me tenkjer at døden ligg i framtida, og me dør jo så å seie i kronologisk orden, men at me skal dø er noko ein har lært, av andre si erfaring, frå fortida; på sett og vis innhentar døden oss.

Ser ein på diktbøkene til Hødnebø, vil ein sjå dei er underlagt ein stram ytre struktur, ein konsis komposisjon. Pendel består av sju gonger sju dikt. Stormstigen består av sju avdelingar med sju dikt i kvar. Nedtegnelser inneheldt sju avdelingar, med eitt pluss sju dikt i kvar av dei – pluss enda eit tillegg til slutt, eit fotnotedikt.

Nytte og utførte gjerninger, som rommar tre avdelingar, er meir radikal i strukturen, mellom anna fordi strukturen blir så mykje meir openberr og synleg og får i sterkare grad konsekvensar for diktas innside. I den første avdelinga finn ein tjugeein nummererte dikt, nummererte ved hjelp av romartal. Den siste avdelinga spegelvender ordenen i den første; der blir det talt ned, frå sytten til ein, ved hjelp av arabiske tal. Rekkefølgja på dikta og verselinene frå første delen er, på ulike måtar, no snudd om. Dei første versepara i dikta frå første del, er no blitt til sisteliner i dikta i siste delen, og så bortetter, skjematisk sagt. I midtdelen i diktboke finn ein unummererte dikt, der har dei ord som titlar.

Boka faldar ut ein overordna komposisjon beståande av tre element eller tre ledd (byrjing, midte og slutt), og eg ser for seg meg ulike tredelte figurar, til dømes eit triptykon, ein engel, eller ein fugl med eit vengjepar, ei oppslegen bok som faldar sidene ut, med bokryggen som midtparti og symmetriakse, ei vekt med to vektskålar på kvar side av midtaksen, ein pendel, eller som venstre og høgre hjernehalvdel – det ein ser, er symmetriar, spegelvendingar, spegelforhold. Men slik menneskekroppens anatomiske symmetri, med venstre- og høgrearm, to auger, to lunger etc., ikkje er ei rein dobling der halvdelane går restlaust opp i kvarandre – ved at hjartet i menneskekroppen finst på venstre og ikkje på høgresida – finst liknande brot på symmetrien i Hødnebøs dikt.

Kva er symmetri? I dag vil ein nok rekne mange typar gjentakingar, det me kallar mønster til dømes, for symmetriar. Grekarane hadde ei strengare oppfatning, for dei betydde symmetri noko som kan samanliknast (at dei er kommensurable), og to storleikar er samanliknbare om det finst ein tredje storleik som delar båe i to utan rest. I eit kunstverk tyder dette at alle delane i eit verk må stå både til kvarandre og til heilskapen. Denne ideen om det venes perfeksjon kunne ein nytte både på naturen så vel som kunsten. Sjølv om hovudstrukturen i Nytte og utførte gjerninger verkar å halde seg til den greske symmetrioppfatninga, pendlar Hødnebø mellom ulike symmetriforståringar i dikta.

Eg nemnde at i poesien til Hødnebø bryter ulike og åtskilte soner og felt mot kvarandre: Vitskapens harde objektive språk bryt mot kjærleikens subjektive språk. I hovudsak handlar Hødnebøs poesi om å stå i forhold til noko, noko anna, seg sjølv, den personlege historia, kollektivet, det framande, tradisjonen, historia, politikken. Og kanskje kan ein sjå den tredelte symmetristrukturen i Nytte og utførte gjerninger som å inkarnere elementa i eit forhold som har spelt og framleis spelar seg ut i lyrikken til Hødnebø, mennesket– i–verda.

Overgangen frå eit vers til eit anna er ofte eit nivåsprang. Verselinene eller versepara hos Hødnebø er så lause og opne at dei i prinsippet kan kombinerast på eit utal måtar. Ein kan sjå at poeten tidlegare har gjort dette, byta om på linerekkefølgja frå ei strofe til ei anna innanfor eit og same dikt, som i Nedtegnelser, til dømes i diktet «Et blad» (s. 40):

ET BLAD falt gjennom luften

jeg snudde meg rundt

skyggene ble mindre

ingen lyd av fottrinn

Ikke en lyd

jeg snudde meg rundt

skyggene ble mindre

et blad falt gjennom luften. 

Det finst ikkje ein fullkomen forlengs og baklengs isomorfi mellom strofene. To vers er avvikande: «ingen lyd av fottrinn» og «ikke en lyd». Diktet er ikkje lik eit palindrom, der same meininga oppstår når ein les strofa eller diktet forlengs og baklengs. Ein kan seie at båe strofene skildrar eit forløp, men medan det er stilla som så å seie får eg-et til å snu seg i andre strofa, er det bladet som fell gjennom lufta som får eg-et til å vende seg rundt i første strofa. Men: om ein les heile diktet som eit samanhengande og kontinuerleg forløp, ikkje som to utgåver av same augeblikk, vil sistelina og førstelina i strofe ein og to fungere som ei forsterking og understreking av stilla, slik at ho får noko akutt trugande og uroande over seg. Som eit heilt forløp med identisk første- og sisteline kapslar diktet seg sjølv inne, blir liksom eit augeblikk, eit auge som opnar og lukkar seg. Då fell det berre eit blad. I den andre lesemåten fell to blad, og fleire vil kan hende følgje.

Snuinga me høyrer om, er gjennomført også i forma, når strofene snur seg mot og speglar kvarandre, slik at ein symmetri oppstår. Snuinga er dessutan ei refleksiv rørsle, eg-et snur seg mot seg sjølv, gjer seg sjølv og sine erfaringar og sansingar til objekt.

Trass i at lyrikken til Hødnebø er trengd gjennom av strukturar og system, finst motstand og utopisk lengt, freistnad på å sleppe unna, å kome bort frå seg sjølv, røme slik som Rapunsel i eventyret, som blir nemnt i eit dikt, ho som firer seg ned frå tårnet ved hjelp av sitt eige hår. Ein må finne seg att som ein framand. Finne eit punkt så langt utanfor verda at verda forsvinn eller zoome seg så tett innpå at ho går i oppløysing.

I systema oppstår feil: Me høyrer i eit dikt om «en mekanisk klokke / som før eller siden vil stoppe». Slike tilfeldigheiter oppstår og finst, dei kan vekse og spreie seg. Systema lekk i alle retningar, for det finst mellomrom mellom orda, det finst luft, papir og pausar mellom linene. Og så lenge det finst menneske som har utført og utfører gjerningar, vil det skje. Ein farleg og undergravande symmetri eksisterer mellom den vakne tilstanden og draumen. I dikta opptrer også formlause, abrupte ting: eit lyn. Og sjølv om den er formørka, så startar første diktet i hagen, i Paradis.

Strukturane avslører seg sjølv, for omsnuing og inversjon skjerpar merksemda: «Jeg visste aldri om det var jeg / som lystret hunden, / eller hunden som lystret meg.», står det i eit av dikta. Sjølv om ein snur ordstillinga og bytar om på subjekt og objekt i setninga, er den utifrå grammatikken vere lytefri, systemisk. Ser ein setninga som uttrykk for maktforhold, er ordenen, kva og kven som er subjekt eller objekt, absolutt ikkje likegyldig. Kor ein står i setninga er avgjerande, men me er likevel, i båe tilfella, bundne av, i og til språket.

Systemet lekk. For attgjevinga av dei omsnudde dikta er prega av forstyrringar i forhold til «originalen», enten ved at liner blir byta ut, har forsvunne, har blir lagt til, t.d. frå eit føregåande dikt eller eit komande, og to og tre dikt blir fort til eitt. Kva gjer ikkje det med meininga?

Hødnebø verkar, nesten på respektlaust vis, å øydeleggje og radbrekke eigne dikt; lik Penelope rekker ho opp om natta det ho har veva om dagen. Ho destabiliserer sjølve diktet. For poeten gjer diktet til noko tilfeldig, sidan ho syner at diktet kunne ha vore realisert på eit utal mogelege måtar. Faktoranes orden er verkeleg blitt likegyldige. Likevel er dikta endelege slik dei står. Berre at sjølve forma legg til ein metode, eit uendelegheitsprinsipp, som gir ein kjensla av at dikta kan forlengast, som om dikta graviterer og veks mot det vilkårlege, mot kaos. Dette uavklarte forholdet mellom det nødvendige og tilfeldige som ein finn i Hødnebøs lyrikk, er fascinerande.

Midtdelen, eller symmetriaksen i Nytte og utførte gjerninger balanserer to skåler, dei fungerer som ei vekt, ein målereiskap for balansen. Systemet sjølv er ikkje symmetrisk. Ubalansen som dikta både sansar og rettar opp i, dreier seg også om kva som finst, kva som blir skjult, trengd unna og halde tilbake – av omsyn til symmetrien, kanskje. Difor finst det dikt som opprettar balansen, eit er forma som ei liste, med tørre oppramsingar av namn og data på viktige matematikarar og vitskapsfolk som ikkje har fått den heider arbeidet og oppdagingane deira skulle tilseie. Matematikarane Teano, Damo, Hypathia, Eller Ada Lovelace som utvikla historias første programmeringsspråk. «hva husker vi, ikke minst / hva vil vi huske», bryt det spørjande fram i eit dikt. Hugsen og ihugkomminga er eit område av politikken, herredømet og makta, men kva er det maktstrukturane og tida skyv ut i mørket?

Å snu verda inn mot verda, er å setje poesiens romlege biletet opp mot den homogene tida som berre går, å setje draumen opp mot den vakne tilstanden, tvinga fram spenningar, som tillèt at noko løynd og gløymd kjem til syne. Det er gjennom kombinasjonen av å sjå – synet, visjonen –, og gjensynet, revisjonen av historia, av det sette og det sagde, at det, som har gått oss hus forbi, rykker fram.

Hødnebøs poesi syner at me er styrt av tankar tenkt for lenge sidan, men nokre tankar har systematisk blitt skuva unna og bort frå historias overflate, blitt løynd og gløymt. Ein må difor, slik historias engel og Tone Hødnebøs poesi gjer, snu verda mot verda, vende ryggen til, for å late stormen frå Paradis på ny blese ein vidare, mot framtida.

 

Tekst av Sindre Ekrheim