Inviterer til diktkonsert i Aasentunet på den internasjonale poesidagen

Idun Losnegård og Teater Vestland tek med seg unike tolkingar av Jakob Sande til Aasentunet 21. mars – den internasjonale poesidagen. 

Plakat frå teaterframsyninga Send Storm av Teater Vestland.

Måndag 21. mars, på den internasjonale poesidagen, kjem Teater Vestland til Aasentunet. Saman med dei og Jakob Sande-senter for forteljekunst har Idun Losnegård og fleire andre medverkande utvikla framsyninga Send storm. 

I denne heilt nye framsyninga opnar skodespelar Idun Losnegård og komponist Viljar Losnegård nye rom i Jakob Sande si dikting, både ved å bruke mindre kjende dikt, men også ved å leite etter fleire tonar i dei dikta vi kjenner aller best. 

Det er mykje sårheit og alvor i diktinga til Jakob Sande. Ei kjensle av å vere utstøytt, einsam og innestengd i eige liv. Eit enormt behov og ein kamp for å få uttrykke seg, og ein lengt som er så sterk at ein til slutt ikkje klarer å halde tilbake og må sleppe stormen laus. 

‘Ein fornyar av nynorsk lyrikk’ vart det sagt om Jakob Sande då han debuterte som forfattar. Det endra seg etter krigen. Populære radioprogram og platesuksessar gjorde at han helst vart oppfatta som ein enkel og humoristisk visediktar, noko han aldri slo seg til ro med. 

Musikken til Viljar Losnegård skildrar heile spekteret av kjensler, men bukkar av der teksten bør stå åleine. Dei visuelle rammene, skapt av Marianne Stranger, speler på lyset og mørket i dikta og gir ein smakfull konsertestetikk. Vokalen til Idun Losnegård bølgar mellom insisterande kraft og kjenslevare sukk og snakkar filterlaust og nært til publikum.