Framfører musikalsk juleforteljing i samarbeid med tre utvalde bibliotek

Line Dybedal og bokomslaget til boka hennar Eit hjarte til jul.

13.–15. desember får inviterte skuleklasser sjå Line Dybedals musikalske juleforteljing Eit hjarte til jul, i samarbeid med Nynorsk kultursentrum og Skodje, Ulstein og Sula bibliotek. 

Nora er ni år. Ho gler seg til jul, men ho gruar seg òg. Mamma ligg på sjukehus. Ho treng eit nytt hjarte for å bli frisk. Nora er redd for at mamma ikkje vil kjenne henne att med eit anna hjarte enn sitt eige. Farmor veit om ein magisk juletreskog. Saman med farmor og pappa finn Nora det perfekte juletreet. Og då, akkurat då, fer eit stjerneskot over himmelen! 

I den musikalske juleforteljinga «Eit hjarte til jul» les Line Dybedal frå biletboka med same namn. Låtskrivaren frå Nordfjord debuterer som barnebokforfattar med denne boka. Til framsyninga har ho laga fem nye songar som glitrar og funklar saman med den stemningsfulle og hjartevarme historia. Line Dybedal les, syng og akkompagnerer seg sjølv på piano. Saman med seg på scena har ho gitarist Mathias Marstrander. Han rammar inn forteljinga med musikalske stemningsbilete. Publikum får fylgje historia om Nora frå blad til blad. Line Renslebråten sine illustrasjonar frå boka blir viste i stort format som ein del av scenografien. 

Den musikalske juleforteljinga er utvikla på initiativ frå Rom for ord, i samarbeid med Teater Vestland og med støtte frå Norsk kulturråd. Regien er ved Idun Losnegård og lysdesign er ved Krystian Myskja. Produsent er Silje Søgnesand. 

Med omsyn til smittevern er framsyningane berre for skuleklasser som dei tre biblioteka har invitert. Skodje bibliotek er medarrangør mandag 13. desember, Ulstein bibliotek tysdag 14. desember og Sula bibliotek onsdag 15. desember.

Litteraturhus i Møre og Romsdal
Dei tre bibliotek-framsyningane er ein del av prosjektet Litteraturhus i Møre og Romsdal, der Nynorsk kultursentrum og Bjørnsonfestivalen gir folk i heile fylket gode litteraturopplevingar der dei bur. Turneane er planlagde i samarbeid med biblioteka i kommunane. Arrangementa er gratis.

Litteraturhus i Møre og Romsdal får økonomisk støtte frå Møre og Romsdal fylkeskommune, alle kommunane i fylket, Sparebank1 Søre Sunnmøre og Sparebank1 Nordvest, Sparebankstiftelsen SMN, Fritt Ord, Norsk kulturråd og GassROR IKS.