Får besøk av brageprisvinnar Erlend Skjetne

Erlend Skjetne.

I veke 13 kjem brageprisvinnar Erlend Skjetne til Sunnmøre for å halde føredrag om boka Eit anna blikk, ei forteljing frå eit flyktningmottak i Nord-Noreg. Torsdag 31. mars vert det føredrag ved Sykkylven bibliotek, samt skulearrangement i samband med Stranda folkebibliotek. I samband med Herøy folkebibliotek vert det eit skulearrangement 1. april.

– Eit mål med boka har vore å gje norske ungdommar eit innblikk i livet til unge flyktningar i Noreg, og korleis ei alternativ ungdomstid kan arte seg her i landet. Det er mange skilnadar mellom Afghanistan og Noreg, og eg har vilja få fram nokre av utfordringane ein kan oppleve når ein er heilt framand for det norske samfunnet, både kulturelt og språkleg, seier Erlend Skjetne. For boka fekk han i 2021 Brageprisen i klassa barne- og ungdomsbøker. Same året vart han også tildelt NTNU sin litteraturpris og Bokhandelens forfattarstipend.    

I føredraget vil han seie ein del om tanken bak boka, utan at han kjem med nokon fasit for korleis ho skal lesast. Eit større tema er det røynlege bakteppet, flyktningkrisa i 2015 og opplevingar han sjølv har hatt som har inspirert til å skrive boka, i sær med einslege mindreårige asylsøkjarar på eit mottak i Finnmark. 

– Eg har ikkje ønskt å framstille dei afghanske ungdommane i boka som hjelpelause «offer». Dei kan vere like ressurssterke som norske ungdommar, og ha store planar for framtida, seier Skjetne. 

Føredraget vil også gå litt inn på Afghanistan og historia der. 
– Slik kan vi vonleg nærme oss ei større innsikt i den røyndommen mange av desse ungdommane kjem ifrå, seier Skjetne.

Arrangementet ved Sykkylven bibliotek er gratis og ope for alle. Skjetne kjem også til å halde føredrag for alle dei 120 ungdomsskuleelevane ved Stranda ungdomsskule, i samarbeid med Stranda bibliotek. Herøy folkebibliotek har også invitert inn 8. og 9. trinn til føredrag 1. april. Turneen er organisert av Nynorsk kultursentrum og biblioteka som del av satsinga Litteraturhus i Møre og Romsdal.   
 

Litteraturhus i Møre og Romsdal 

I prosjektet Litteraturhus i Møre og Romsdal, gir Nynorsk kultursentrum og Bjørnsonfestivalen folk i heile fylket gode litteraturopplevingar der dei bur. Turneane er planlagde i samarbeid med biblioteka. Litteraturhus i Møre og Romsdal får økonomisk støtte frå Møre og Romsdal fylkeskommune, kommunane og andre aktørar.