Markerer poesidagen med foredrag om Marie Takvam

Magnus Takvam

Måndag 21. mars, på den internasjonale poesidagen, kjem journalist og politisk kommentator i NRK, Magnus Takvam til Ulvik for å presentere biografien Hun skrev for å kunne leve – Min mor, Marie Takvam. 

I biografien formidlar Magnus Takvam eit kunstnarportrett av ein av våre største norske lyrikarar. Samstundes skriv han om korleis han som son opplevde å vokse opp med ei mor som på den eine sida levde eit spennande liv, men på den andre sida hadde ein vanskeleg kvardag.

– For poet Marie Takvam var det å skriva dikt ein måte å uttrykkje livskjensla si på. Å få eit innblikk i poeten, bohemen og familiemora Takvam sitt skrivande liv gjennom sonen Magnus Takvam sine ord, på nettopp Verdas poesidag synest me er ei gjev markering , seier programansvarleg i Haugesenteret Jorid Lekve Eide.

Marie Takvam var ei viktig nynorsk diktarstemme og debuterte med diktsamlinga Dåp under sju stjerner i oktober 1952. Marie Takvam, fødd Marie Ragnhild Skylstad, var fødd og oppvaksen på Skylstad i Hjørundfjorden. Etter ei lang og rik karriere blei ho også heidra som festspeldiktar under Dei nynorske festspela i 2003.

Vel møtt til eit spennande føredrag på Syse gard!