Feiring av Reidar Djupedal i Aasentunet

Foto av Reidar Djupedal
Språk- og kulturforskaren Reidar Djupedal. Foto:Selja Forlag / CC BY-SA

I år er det 100 år sidan Ivar Aasen-forskar Reidar Djupedal var fødd. 5. august, som òg er fødselsdagen til Ivar Aasen, feirar Nynorsk kultursentrum med arrangement og godbitar frå samlingane, blant anna fleire handskrift etter Ivar Aasen.

Reidar Djupedal (1921–1989) forska på Ivar Aasen og var professor i nordisk språkvitskap. Djupedal evna å setje språket i ein kulturhistorisk samanheng.

Under jubileumsarrangementet fortel Tove Bull om det viktige arbeidet til Djupedal. Bull er tidlegare rektor og professor ved Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet, og ho var ein av studentane til Djupedal. Dei som kjem til Aasentunet, får også høyre borna til Djupedal fortelje om faren sin, og det blir musikkinnslag ved Malin Victoria Alander.

– Vi er svært glade for å kunne invitere til dette jubileumsarrangementet for ein viktig språk- og kulturforskar. Reidar Djupedal er også svært sentral for oss som institusjon.
Utan han hadde vi ikkje hatt Aasentunet, seier Tone Slenes, avdelingsleiar for nynorsk skriftkultur i Nynorsk kultursentrum.

I 1987 testamenterte Djupedal den svært omfattande boksamlinga si
til Aasentunet. Dette skapte behov for eit nytt bygg, og samlinga er no ein del av kjernen i verksemda til Nynorsk kultursentrum.

Djupedal-samlinga inneheld mellom anna fleire handskrift etter Ivar Aasen. Desse handskrifta er vanlegvis i museumsmagasinet, men denne kvelden stiller vi dei ut –
så arrangementet blir eit sjeldan høve til å sjå desse viktige døma frå arbeidet til Ivar Aasen, som Reidar Djupedal fekk teke vare på.

Du kan kjøpe billettar til arrangementet på aasentunet.no.