Foredrag og forfattarmøte med Marit Eikemo og Jan Inge Sørbø
Som ein del av vårprogrammet i Litteraturhus i Møre og Romsdal får bibliotekgjestar i Ørsta, Stordal, Brattvåg og Ålesund møte Marit Eikemo og Jan Inge Sørbø 14.–16. mars. 14. og 17. mars held Eikemo også foredrag på Sula og Giske bibliotek.
Kor mange hjelparar treng ei moderne romanhelt for å få livet til å gå rundt?
Det er spørsmålet ein stiller seg når ein les Marit Eikemos roman Team Tuva. Hovudpersonen i boka, den skilde tobarns-mora Tuva, blir sett gjennom augo til ein serie med hjelparar: presten i mora si gravferd, trenaren, fastlegen, psykologen, advokaten, bankfunksjonæren, snekkaren. Alle har sitt bilete av Tuva. Men dei har også eigne problematikkar dei strevar med. Og dei har sitt typiske fagspråk som dei brukar om menneske dei skal hjelpa.
14.–16. mars får bibliotekgjestar i Ørsta, Stordal, Brattvåg og Ålesund møte Marit Eikemo og Jan Inge Sørbø i samtale. Sørbø er aktuell med boka Fire store, som handlar om fire kvinner i nynorsklitteraturen. Eikemo held også foredrag på Sula og Giske bibliotek 14. og 17. mars.
Marit Eikemo debuterte med skjønnlitterært med romanen Mellom oss sagt i 2006. Ho har arbeidd som journalist i Bergens Tidende og vore redaktør i Syn og Segn. I tillegg til seks romanar har ho gitt ut essaysamlinga Samtidsruinar (2008). Karakteristisk for Eikemo er eit skarpt og til tider satirisk blikk på samtidsfenomen, ureflekterte måtar vi snakkar og handlar på, måten vi blir fascinert av varer og ideal som på marknaden. I den siste romanen er det særleg relasjonane mellom helse- og hjelpedisiplinar som blir undersøkt.
Jan Inge Sørbø er professor i litteratur og forfattar. Han har gitt ut fleire diktsamlingar og faglitteratur og gav i 2018 ut Nynorsk Litteraturhistorie. I år kjem han med boka Fire store, om Hulda Garborg, Gro Holm, Aslaug Vaa og Marie Takvam.
Litteraturhus i Møre og Romsdal
Turneen er ein del av vårprogrammet i prosjektet Litteraturhus i Møre og Romsdal, der Nynorsk kultursentrum og Bjørnsonfestivalen gir folk i heile fylket gode litteraturopplevingar der dei bur. Turneane er planlagde i samarbeid med biblioteka. Litteraturhus i Møre og Romsdal får økonomisk støtte frå Møre og Romsdal fylkeskommune, kommunane og andre aktørar.