Foreslå kandidatar til Olav H. Hauge-stipendet 2022

Endre Olsen fekk Olav H. Hauge-stipendet 2020 (utdelt i 2021)

Stipendet på heile 150 000 kr går til ei ung diktarrøyst som har utmerka seg med eit poetisk talent som lyrikar, tekstforfattar eller songpoet. Hauge-stipendet blir delt ut under opninga av Poesifestivalen fredag 9. september.  

Nynorsk kultursentrum oppretta stipendet for å løfte fram nye talent og yngre poetiske røyster. Stipendet femner om all lyrikk på nynorsk, bokmål og dialekt.   

– Dei fleste litterære prisar går til etablerte forfattar, dette er ein rein lyrikkpris som går til ei ung og særprega diktarstemme. Tanken bak Hauge-stipendet er å sikre talentfulle lyrikarar gode arbeidsvilkår og bidra til betre moglegheiter for kunstnarleg utvikling, seier Geir S. Netland, arenaleiar ved Haugesenteret. 

Stipendet er finansiert av Sparebanken Vest og Sparebankstiftinga Hardanger. – Det er viktig og spennande å bidra til å løfte fram nye og unge talent, også innan skrift- og songlyrikk, seier Giske Eggen, prosjektleiar samfunnsansvar i Sparebanken Vest.  

Lyrikaren Erlend O. Nødtvedt fekk det aller første Hauge-stipendet under Poesifestivalen 2018. Songpoeten Endre Olsen frå Stord vann stipendet for 2020. Vinnar av Olav H. Hauge-stipendet 2022 blir kunngjort og delt ut under opninga av Poesifestivalen i Ulvik.   

Alle kan fremje forslag til kandidatar til stipendet på nynorsk.no fram til 1. april. Ein fagjury med medlemer frå Norsk Forfattersentrum og Nynorsk kultursentrum avgjer kven som får stipendet.     

– Olav H. Hauge var oppteken av dei nye lyrikarane i si samtid. Unge forfattarspirer som skreiv brev til Hauge fekk svar og råd. Difor er det naturleg at stipendet har fått namn etter den store diktaren frå Ulvik, avsluttar Geir S. Netland.  

 

Publikumsundersøking 2023

Nynorsk kultursentrum gjennomfører ei årleg brukarundersøking. Målet er å kartleggje korleis nettstaden blir brukt og opplevd, og å bruke denne informasjonen til å kunne tilby best mogleg digitale tenester.

Opplysningane vi samlar inn, blir berre brukte i samband med denne undersøkinga.

Undersøkinga tek om lag 2–4 minutt å svare på.

Tilbakemeldinga di gjer oss betre