Frida Ånnevik og Tore Renberg til Vinje!

Foto-kollasje til Litteraturfestivalen 2020
Frida Ånnevik, Tore Renberg, Kjartan Fløgstad og Siri Helle er blant dei som gjestar Litteraturdagane i Vinje 2020.

Nynorsk kultursentrum er glade for å melde at Litteraturdagane i Vinje blir arrangert helga 28.–30. august 2020 i Vinjehuset, Vinje kyrkje og digitalt.

Frida Ånnevik, Kjartan Fløgstad, Tore Renberg og Siri Helle er nokon av forfattarane og artistane som kjem til Vinje denne helga.

– Me er svært glade for at me kan ønske velkomen til Litteraturdagane i Vinje. Me har tru på at gjestene våre får ei god festivalkjensle om dei fysisk sit i salen, eller fylgjer festivalen digitalt, seier dagleg leiar ved Vinje-senteret Kristian W. Rantala. Det vert god plass mellom dei fysiske gjestene på arrangementa, og alt vert gjort i tråd med rettleiarane for arrangement frå Folkehelseinstituttet og Kulturdepartementet.

Laurdag kveld entrar Frida Ånnevik scena i Vinjehuset. Ånnevik er ein av dei fremste artistane og låtskrivarane i Noreg. Ho har gjeve ut fire plater, og blant anna motteke fleire spellemannsprisar.

Vesaas-foredrag i året vert halde av Tore Renberg, forfattaren bak bøkene «Mannen som elsket Yngve» (2003) og «Kompani Orheim» (2005). Renberg gav i fjor ut romanen «Ingen tid å miste» som begeistra kritikarane.

Fredag kveld inviterer Litteraturdagane til ei festframsyning med Kjartan Fløgstad, Per Arne Glorvigen og NyNorsk messingkvintett. Med arrangementet «Canciones de Cobre» (Kopparsongar) vert publikum teke med på ei reise til Latin Amerika gjennom tekst og musikk.

Kjartan Fløgstad er diktar, essayist og gjendiktar, og mest kjend for bøkene «Dalen Portland» (1977) og «Grand Manila» (2006). Fløgstad er ein av dei mest prislønte forfattarane i nyare tid. Han møter forfattar Siri Helle og journalist Simen Tvetereid til samtale. Siri Helle gav tidlegare i år ut boka «Med berre nevane: eit forsvar for praktisk arbeid». Tvetereid er journalist og forfattar, og ein av fire som driv magasinet Harvest Magazine. Han har skrive om tema som storsamfunnet sine krav versus tid til familielivet, ikkje minst i eit miljøperspektiv. Sist i boka “Et fritt liv. Om å ønske seg noe annet i verdens rikeste land” frå 2018.

Jens Kihl, kommentator i Bergens Tidende skal under litteraturdagane gje publikum eit skråblikk på kommune-Noreg, med utgangspunkt i boka “Dette er også Noreg: kommunal feelgood”.

Billettar fredag 28. august

Billettar laurdag 29. august