Ævestaden

13. september, kl. 20.30, Elvatun

Ævestaden. Foto: Lamia Karic

Stanna inte
Kursen mot solen hela vägen
Vänd dig inte
Låt benen gå 

Ævestaden foreinar gamle salmar og folketonar med moderne elektronisk knitring. Den svensk-norske trioen har ein fot planta i den skandinaviske tradisjonsmusikken og ein fot i det eksperimentelle og søkjande. Bandet manar fram eit spennande klanglandskap gjennom feler, lyre, munnharpe, song og elektronikk. Ævestaden sitt lydbilete er verken redd for det klare, skitne, nyskapande eller tradisjonelle. 

Trioen har trollbunde eit stort publikum både i inn- og utland, og har hausta superlativar frå kritikarane. Dei fekk Folkelarmprisen for debutalbumet Ingen mere gråter i 2021, og tok heim nok ein pris under den svenske Manifestgalan for oppfølgjarplata Solen var bättre där i 2023. Poesifestivalen ser fram til ein konsert der tida står bitte litt stille, i festivalen si storstove Elvatun. Bli med, og kjenn på musikkmagi frå Ævestaden. 

Med: Eir Vatn Strøm, Levina Storåkern og Kenneth Lien

Type:
Poesifestivalen

Tid:
13. september, kl. 20.30

Stad:
Elvatun