AVLYST

Boklansering: Jon Fosse og Olav H. Hauge – Lauvhytter i skogen

14. september, kl. 15.00, Haugesenteret

Jon Fosse og Olav H. Hauge
Jon Fosse og Olav H. Hauge. Foto: Odd E. Nærbø

Ny bok frå Samlaget med dei to store diktarane frå Hardanger. Det er klart det må verta bokfest i Haugesenteret av slikt! 

Diktarane Jon Fosse og Olav H. Hauge er begge frå Hardanger. Dei kjem frå kvar si bygd, frå kvar sin gard ved fjorden, og er begge uløyseleg knytte til eit landskap, til Vestlandet og det nynorske språket. Dei to møtte kvarandre fleire gonger, og då Fosse fekk Nobelprisen i 2023, var Hauge er ein av dei få diktarane Fosse nemnde i nobelføredraget han heldt i Stockholm.  

Lauvhytter i skogen av redaktør Cecilie N. Seiness er ei bok med dikt av både Hauge og Fosse, men også tekstar og bilete som syner forholdet mellom dei to. Boka er rikt illustrert, mellom anna med bilete frå Ulvik og Strandebarm, fotografert av Signe Fuglesteg Luksengard. 

I samarbeid med Det Norske Samlaget. 

Fri inngang.