BREV – Eit skriftleg møte som vart til eit levande kjærleiksforhold

24. august, kl. 19.00, Kongressen, Brakanes Hotel

Bodil Cappelen og Olav H. Hauge
Bodil Cappelen og Olav H. Hauge. Foto: Haugesenteret sitt arkiv.

Framsyning basert på brevvekslinga mellom Olav H. Hauge og Bodil Cappelen. 

Kjære Olav Hauge,   

Jeg stod opp i morges og tenkte på et rom møblert med bøker fra gulv til tak. Bli ikke forbauset når jeg skriver slik til deg og du ikke kjenner meg – det går over, man kan vel møtes i et brev såvel som på gaten. 

Med desse orda sende Bodil Cappelen det fyrste brevet til Olav H. Hauge 23. februar 1970. Dette vart starten på ei fem år lang brevveksling mellom biletvevaren Cappelen og diktaren Hauge. Brevvekslinga skulle endra livet til dei begge. I april 1975 reiste Bodil frå familien på Sørlandet og busette seg hjå Olav på Rossvoll i Ulvik. Der budde dei i lag fram til Hauge døydde i 1994. 

To år seinare vart breva publisert i bokform. No er dette skriftlege møtet å sjå på ei teaterscene i framsyninga «BREV», denne kvelden i form av ei urframføring i høve Haugesenteret sitt 10-årsjubileum. Framsyninga gjev innblikk i den gryande kjærleiken mellom Cappelen og Hauge, samstundes som ho utforskar den sakte og ettertenksame kommunikasjonsforma brevskriving er. 

Breva mellom Hauge og Cappelen handlar like mykje om tankar som om kjensler. Dei to brevskrivarane skildrar opplevingar og funderingar om kunst, litteratur og eigen kvardag. Dei skriv om håp og draumar, og reflekterer over kva livet er eller skal vera. Sjølv om dei to budde langt frå kvarandre og hadde ulike syn på verda, fekk dei ei djupare forståing for kvarandre sine perspektiv gjennom skrivinga. «BREV» freistar å syna korleis Hauge og Cappelen klarte dette, nettopp gjennom den langsame skriveforma brev. 

I framsyninga møter me diktaren og kunstnaren i skodespelarparet Morten Svartveit og Kjærsti Odden Skjeldal, som i likskap med hovudpersonane er frå Vestlandet og Austlandet. Jazzmusikar og komponist Sjur Miljeteig skapar eit spennande klangbilete kring dette skriftlege møtet. Framsyninga er regissert og produsert av Nasrin Khusrawi, som òg har omarbeidd dei utgjevne breva til manus.

også med deg familieframsyninga «Spelejenta» denne dagen! Haugesenteret gler seg til å feira 10-årsjubileet denne dagen med litteratur i verdsklasse på teaterscena for både born og vaksne. Bli med på feiringa, kjære hardingar og vestlendingar i alle aldrar!

Med: Kjærsti Odden Skjeldal, Morten Svartveit, Sjur Miljeteig
Regi: Nasrin Khusrawi 
Dramaturg: Amanda Øiestad Nilsen

Type:
Haugesenteret 10 år

Tid:
24, august, kl. 19.00

Stad:
Kongressen, Brakanes Hotel