DJ Sissyfus

14. september, kl. 23.00, Elvatun

DJ Sissyfus

Det er duka for ein skikkeleg elektronisk rytmekveld i Elvatun, der DJ Sissyfus vil snurra oss lukkelege inn i laurdagsnatta. La kroppen fylgja straumen, la tankane flyta, grip ein annan og slepp deg laus. Som Hauge skreiv: «Slik kan det glyggja upp ein kveld og verta otte og under og eld»!

Den allsidige artisten DJ Sissyfus, også kjend som Center of the Universe eller Jørgen Skjulstad, spelar elektronisk musikk og folkemusikk frå rundt omkring i verda, og har i dei siste åra vendt øyrene heim til den norske musikken, mellom anna som fast DJ for folkemusikkklubben Tuvas Blodklubb. Som musikar har han vore med i ei rekkje band og har over tretti (!) utgjevingar på CVen.

Vaksen kr. 100
Aldersgrense 18 år.

Festivalkro i Elvatun til kl. 02.00.

Type:
Poesifestivalen

Tid:
14. september, kl. 23.00

Stad:
Elvatun