Familieframsyning: «Spelejenta» av Jon Fosse

24. august, kl. 14.00, Kongressen, Brakanes Hotel

Bilete av Anne Heidi Kvam Hillestad og Sivert Holmen
Anne Heidi Kvam Hillestad og Sivert Holmen Foto: Ø. Johnsen

Spelejenta er eit spennande eventyr om ei synsk, felespelande jente. Ho kan sjå ting andre ikkje ser. I denne forteljinga reiser ho ut for å berga far sin frå ei aude øy, og med den mektige fela si kan ho både opne berg og kløyve hav. 

Jon Fosse si historie om Spelejenta er ei vakker og underfundig forteljing med kjende trekk frå både folketrua og bibelhistoria. Sjå eventyret koma til live gjennom musikk, dans og skodespel av Anne Heidi Kvam Hillestad og Sivert Holmen! Framsyninga passar for folk i alle aldrar, og ekstra godt for born mellom 4 og 9 år. 

Og du? Vaksne kan også sjå fram til framsyninga «BREV» denne kvelden. Haugesenteret ser fram til å feira 10-års jubileet med litteratur i verdsklasse på teaterscena for både born og vaksne. Bli med på feiringa, hardingar og vestlendingar i alle aldrar!

Med: dansar og skodespelar Anne Heidi Kvam Hillestad, folkemusikar Sivert Holmen
Regi: Silje Onstad Hålien 

Type:
Haugesenteret 10 år

Tid:
24. august, kl. 14.00

Stad:
Kongressen, Brakanes Hotel