Familieprogram: Vi roper i skogen!

14. september, kl. 12.00, Ulvik folkebibliotek

boka vi roper i skogen
Vi roper i skogen / Samlaget

I skogen er det mange dyr og ville vekstar. Nokre lagar lydar du kan høyra, medan andre snakkar på anna vis. Både tre, maur, blomar og dyr bur der. Kanskje er det fleire som bur der enn i byen. Alle har dei eit eige språk, men kan dei forstå kvarandre? Vi roper i skogen er ei vakker faktabok om skogens språk, skrive og illustrert av Trude Tjensvold. Tjensvold (f. 1964) er forfattar, illustratør og biletkunstnar. Frå før har ho også gjeve ut barne- og ungdomsbøkene Bålet, Bo flyttar ut, Vil du ha katt og Raud Volvo. 

Fri inngang. 

Type:
Poesifestivalen

Tid:
14. september, kl. 12.00

Stad:
Ulvik folkebibliotek