Opplev lyrikk og musikk i poesi- og eplebygda Ulvik. Velkomen til poetisk folkefest i Hardanger! Møt festivalpoetar og nyt konsertar rundt om i bygda. Hels på hyggeleg folk i festivalkroa og nyt lokale smakar på fat og i glas. Ver velkomne til Poesifestivalen!
Etter at du har kjøpt passet må du tinga plass på dei arrangementa du ynskjer å få med deg. Fullt program kjem rundt 15. juni. Du vil då få ein e-post som du må svara på for å sikra deg alle plassbillettane du vil ha. Spørsmål? Send ein e-post til billett@nynorsk.no eller ring 56 52 70 70.