Folkemusikkmessa frå Hardanger: I æva kan ingenting endrast

15. september, kl. 11.00, Ulvik kyrkje

«I æva kan ingenting endrast» er ei folkemusikkmesse med lyrikk og musikk som omdreiingspunkt. Poet Ruth Lillegraven vil lesa utvalde dikt frå samlinga Sigd (2016). Dikta tek opp trådar frå folketru og gamle forteljingar, men har òg referansar til kristendom med den gjentakande frasa «alt har si tid». 

Rannveig Djønne har komponert all liturgisk musikk til Folkemusikkmessa frå Hardanger som har vore nytta i mest alle kyrkjer i Hardanger og andre stader i landet etter premiera i 2012. Når messa no kjem til Poesifestivalen har Djønne og Lillegraven med seg Marta Lindvik og Elise Østraat på hardingfele og Silje Hveem Lofthus på tverrfløyte. Dei har òg med seg det nye kvinnekoret i Ulvik, Songria, som korsongarar, og folkedansarane Torkjell Lunde Børsheim og Heidi Lund Berg. Liturg er sokneprest Anne Marthe Ulvik. 

Ruth Lillegraven (f.1978) debuterte i 2005 med diktsamlinga Store stygge dikt. Sidan har ho gjeve ut ei rekkje kritikarroste diktsamlingar for vaksne og born, i tillegg til mellom anna romanar, to skodespel for Det Norske Teatret, andre barnebøker og ei gjendikting av den svenske poeten Marie Lundquist. 

Rannveig Djønne er komponist og folkemusikar på toradar, med røtene i tradisjonsmusikken frå Hardanger og Voss. Djønne debuterte med plata Spelferd heim i 2008. Ho har samarbeida med Annlaug Børsheim i snart tjue år, med fleire plateutgjevingar og turnear i inn- og utland. Djønne og Børsheim komponerte i 2019 tingingsverket Husmann, eit musikkteater med utgangspunkt i dikt av Ruth Lillegraven. Djønne og Lillegraven har også samarbeida om framsyninga «Soga om Seselja».

Kvinnekoret Songria vart stifta i august 2023, som eit sosialt og inkluderande miljø for songglade damer. Dei tel om lag 20 aktive songarar, og har sidan starten hatt mange store og små oppdrag. Seinaste var Matkulturdagen i Eidfjord i juni, og Kvemmadokkje Husmannsplass i juli, der dei mellom anna kora i lag med Sigrid Moldestad.

Torkjell Lunde Børsheim frå Ulvik har lang karriere som folkedansar. Han var med på sigeren i Eurovision Song Contest med Alexander Rybak og FRIKAR i 2009, har hatt roller som dansar og skodespelar i fleire danse- og teaterproduksjonar, og høge plasseringar og sigrar i pardans og halling på Landskappleiken. Heidi Lund Berg har dansa med ektemannen Torkjell sidan 2016, og dei har seinast vunne Oslokappleiken 2023 og fekk andreplass på Landskappleiken i 2024.

 

Fri inngang.  

Type:
Poesifestivalen

Tid:
15. september, kl. 11.00

Stad:
Ulvik kyrkje