Forfattarbesøk i skulen: Trollmoll
13. september, kl. 09.00 og kl. 10.20, Brakanes skule
Åshild Moldskred (f. 1978) er forfattar og har skrive fleire bøker med skremsle som tema for barn og ungdom. I 2023 vart ho aktuell med ungdomsboka Trollmoll. Boka handlar om tolv år gamle Birk og mora som nyleg har flytta frå byen og til bestefaren på ei forblåsen øy. Birk saknar bestekameraten sin og synest nabojenta Ada er veldig merkeleg. Litt etter litt byrjar det å skje rare ting i huset til Birk. Trollmoll er ei bok som får nakkehåra til å reisa seg på store og små. Finst det spøkjelse – og kan dei drepa?
Moldskred vitjar Brakanes skule og fortel frå boka til 5–7 trinn ved Brakanes barne- og ungdomsskule, og Granvin barne- og ungdomsskule.