Grøderik dikting

13. september, kl. 13.00, Omsorgstunet

Bilete av forfattar Ruth Lillegraven.
Ruth Lillegraven. Foto: Agnete Brun

Olav H. Hauge budde heile livet sitt på fruktgarden på Rossvoll her i Ulvik. Ruth Lillegraven (f.1978) er oppvaksen på ein fruktgard i nabobygda, og er no flytta heim til Klokkarstova i gardstunet i Granvin. Frukttrea er eit sentralt motiv i mange av Hauge sine dikt, og han hadde også ei stor omsut for desse trea. Hauge-diktet «Grøne eple» er eit av Lillegraven sine favorittar. Diktet syner oss strevet med denne fruktdyrkinga. Uroa for alt som kan skje, og bekymringa for om det går bra eller dårleg. 

Lillegraven har alltid hatt eit nært forhold til Hauge si dikting. Ho har kjend på ein slektskap til landskapet Hauge skriv i og om. Særskild til desse dikta om frukttrea frå Hauge sitt liv som gartnar og forfattar. I denne stunda her i Ulvik les Ruth Lillegraven både eigne dikt og Olav H. Hauge-dikt – dei fleste med røtene godt planta i den grøderike jorda i Indre Hardanger. 

Vaksen kr. 150 / Fri inngang for pensjonistar. NB! Honnørbillettar kan hentast ut i resepsjonen på Haugesenteret, eller ved å senda ein e-post til billett@nynorsk.no

I samarbeid med Ulvik herad og Den kulturelle spaserstokken. 

Type:
Poesifestivalen

Tid:
13. september, kl. 13.00

Stad:
Omsorgstunet