Haugesamtalen: Litterære slektstre

14. september, kl. 10.00, Elvatun

I Haugesamtalen 2024 samtalar Erlend O. Nødtvedt og Ingrid Nielsen om tradisjon og litterære slektstre, draum og forstokking, ljod og meining.  

Erlend O. Nødtvedt (f. 1984) er ein poet som er oppteken av språket, i fortid og notid. For Nødtvedt er språket ein berar av verdsbilete. Med slike tankar som utgangspunkt er det kanskje ikkje overraskande at han er kjend for nettopp den nyskapande poesien hans der språket er eit sentralt omdreiingspunkt. Nødtvedt vart tildelt Haugestipendet i 2018.  

Ingrid Nielsen (f. 1968) er poet og fyrsteamanuensis ved Universitet i Stavanger. Nielsen har bakgrunn som litteraturvitar og er med i programrådet for Poesifestivalen. 

Vaksen kr. 200 / Student kr. 100 

Type:
Poesifestivalen

Tid:
14. september, kl. 10.00

Stad:
Elvatun