Haugesamtalen: Litterære slektstre

14. september, kl. 10.00, Elvatun

I Haugesamtalen 2024 samtalar Erlend O. Nødtvedt og Ingrid Nielsen om tradisjon og litterære slektstre, draum og forstokking, ljod og meining. 

Erlend O. Nødtvedt (f. 1984) er ein poet som er oppteken av språket, i fortid og notid. For Nødtvedt er språket ein berar av verdsbilete. Med slike tankar som utgangspunkt er det kanskje ikkje overraskande at han er kjend for nettopp sin nyskapande poesi med språket som eit sentralt omdreiingspunkt. Nødtvedt vart tildelt Haugestipendet i 2018. 

Ingrid Nielsen (f. 1968) er poet og førsteamanuensis ved Universitet i Stavanger. Nielsen har bakgrunn som litteraturvitar og er med i programrådet for Poesifestivalen.

Type:
Poesifestivalen

Tid:
14. september, kl. 10.00

Stad:
Elvatun