Kenneth Lien & Center of the Universe

13. september, kl. 23.00, Elvatun

Kenneth Lien & Center of the Universe
Kenneth Lien & Center of the Universe. Foto: Frøydis Bergheim Ruud

Den allsidige musikaren Kenneth Lien har vandra frå tungrocken til folkemusikken, og har teke norsk tradisjonsmusikk med storm. Som soloartist og medlem av Ævestaden trakterer han hardingfele, munnharpe, lyre og seljefløyte (for å nemna noko), og skriv eigne tekstar. 

Artisten Center of the Universe (også kjend som DJ Sissyfus og Jørgen Skjulstad) har laga elektronisk musikk i ei årrekkje. Han er kjend for å pumpa ut deilige, dansbare rytmar iblanda alt frå etnisk musikk til synthpop – og no norsk folkemusikk. I lag med Lien har han skapa eit heilt særeige musikalsk uttrykk som grip tak i urinstinkta med begge henda. 

Duoen vart kjende for mange i NRK-serien Trollstemt, som del av ei nyskapande bylgje i folkemusikken, og tok nyleg imot Folkelarmprisen for plata Snu hver stein. I sneakers eller bunadssko: dansegolvet på Elvatun verkeleg plassen å vera denne kvelden. 

Vaksen kr. 200 / Student kr. 100 

Type:
Poesifestivalen

Tid:
13. september, kl. 23.00

Stad:
Elvatun