Knut Hamre og Sinikka Langeland – Det blå landet

15. september, kl. 14.00, Elvatun

«Det blå landet» er ein konsert med dikt av Hans Børli og Olav H. Hauge og med ny musikk av Sinikka Langeland og Knut Hamre. I musikken har dei lete seg inspirera av korleis folkemusikken i Hardanger og på Finnskogen er ein del av bakteppet for diktinga. Lengsla til det hinsidige har kanskje i eldre tider skapa huldremusikk og møte med det usynlege, ei lengsle mot det blå landet, som Hauge kallar det i eit dikt. 

Dette heilt nye samarbeidet mellom Langeland og Hamre er spenstig både når det gjeld arrangement med element frå ulike tradisjonar og samklangen av to så særeigne instrument som kantele og hardingfele. Songen ber visdomen i dikta til to av dei mest folkekjære poetane i Noreg. 

Vaksen kr. 300 / Student kr. 200 

Type:
Poesifestivalen

Tid:
15. september, kl. 14.00

Stad:
Elvatun