Langlesing av Hauge: Anna Kleiva les På Ørnetuva
14. september, kl. 14.30, Syse Gard
På Ørnetuva kom ut i 1961 og vert rekna som det store gjennombrotet til Olav H. Hauge. Diktsamlinga tek opp tematikkar som einsemd, kjærleik, makt og maktesløyse. Sentralt står òg dikt som handlar om kva poesien gjer og kvifor han er nødvendig. Samlinga til Hauge er tema for årets festival, og me vil freista ta pulsen på samtidspoesien med utgangspunkt i det lyriske mangfaldet i På Ørnetuva. Med denne samlinga som tema er det heilt sjølvsagt at ho må lesast her og no. Anna Kleiva las Hauge-samlinga Janglestrå under Poesifestivalen i 2021. Det var ei sjeldan flott oppleving, og me er difor svært glade for å ha med Kleiva og hennar klare leserøyst.
Anna Kleiva (f. 1985) er forfattar, poet og gjendiktar. Ho debuterte med Liknande versjonar i 2011 og har sidan gjeve ut tre eigne diktsamlingar og fleire gjendiktingar. Det er ei sterk kollektiv kraft i mykje av poesien til Anna Kleiva. Med ei klok og klar språkføring opnar dikta hennar opp for at lesaren kan verta både nysgjerrig og engasjert.
Vaksen kr. 200 / Student kr. 100