Lyrisk førespel

13. september, kl. 16.30, Festivalkroa i Elvatun

Poetane Erlend O. Nødtvedt og Anna Kleiva ber oss lyfta glaset og ta ein skål for poesifesten som no er i gang her inst i Hardangerfjorden! 

Erlend O. Nødtvedt (f.1984) vil lesa frå si nyaste diktsamling Olav Nygards Seng. Ei diktsamling der røynd og draum vert stabla oppå kvarandre i ei poetisk gjenerobring av all den tida i livet me nyttar som sovande. Ei diktsuite om draumar, mareritt, søvnparalyse og tretten omveltande netter i ein gamal meister si seng. 

Anna Kleiva (f.1985) vil lesa frå si nyaste diktsamling Solplomme. Solplomme inneheld ein serie dikt med eit rituelt, messande preg, skapt av rytme, rim og repetisjonar. Dikta renn utover sida og får midtsommarnatta til å opna seg, blomane til å spira, bålet til å brenna og menneska til å tvila. 

Vaksen kr. 100 

Type:
Poesifestivalen

Tid:
13. september, kl. 16.30

Stad:
Festivalkroa i Elvatun