Lyrisk tjuvstart: Cecilie Løveid les På Ørnetuva

12. september, kl. 19.00, Litteraturhuset i Bergen

Cecilie Løveid. Foto: Helge Skodvin

Poesifestivalen tjuvstartar årets festival med langlesing av Hauge sitt gjennombrotsverk På Ørnetuva. I Bergen, med byen sin store poet Cecilie Løveid! Diktsamlinga På Ørnetuva er tema for årets festival og dette vert såleis det perfekte startskotet for tre poetiske festdagar i Ulvik. 

Cecilie Løveid (f. 1951) blir rekna som ein av dei store lyrikarane i norsk litteratur og er ein av våre mest spelte samtidsdramatikarar. Løveid har med sitt særprega og sjangeroverskridande språk vore ein viktig og nyskapande lyrikar sidan tidleg 1970-tal. Det er slett ikkje kvar dag Løveid langles Hauge i byen si litterære storstove, så ver om deg!

Type:
Poesifestivalen

Tid:
12. september, kl. 19.00

Stad:
Litteraturhuset i Bergen