Stein Torleif Bjella

14. september, kl. 22.00, Kongressen (Brakanes Hotel)

Stein Torleif Bjella med band
Stein Torleif Bjella med band. Foto: Agnete Brun

Burde vore nemmar både himmel og gud. 
Der som Hardangerfjordn breia seg ut 
kjem du i balanse og finn deg sjøl. 
Eit heilt nytt liv med stabilt humør. 

Stein Torleif Bjella er musikaren og rimsmeden frå Hallingdal som skildrar Bygde-Noreg med melankoli og humor. Bjella skriv om det håplause, om det å feila, om eit sinn som er svartare enn svart. Livet vert ikkje betre, det er berre den gamle månen der oppe, nymåne eller ei. 

Nysetmåne er nettopp namnet på den sjuande plata til Bjella som kom i fjor. Og jau, her er vonde visur, men også noko meir leik og ljos! 

– Det blir stas, og det er jo berre ein svipptur over vidda!, sa Bjella då han sist vitja poesifestivalscena  for ti år sidan. Det blir ikkje mindre stas denne kvelden. Me er klare for ny Bjella-feber i poesibygda inst i Hardangerfjorden – og kven veit, kanskje kjem me i balanse og finn oss sjølve. 

Med: Stein Torleif Bjella, Geir Sundstøl, Eirik Øien, Kenneth Kappstad, David Wallumrød

Type:
Festival

Tid:
14. september, kl. 22.00

Stad:
Kongressen, Brakanes Hotel