Sidersleppkonsert:

Foreningen for By og Bygd

Laurdag 24. mai kl. 21.00, Yppal Mat & Drykk  

Bilde av Foreningen for By og Bygd
Foreningen for By og Bygd. Foto: Foreningen for By og Bygd

Foreningen for By og Bygd spelar nynorsk country. Det er litt skeivt, litt streit, litt omsett og oftast sjølvskrive. Dei synest teksten er halve poenget og songane deira handlar ofte om å bli dumpa, eller om å køyra bil rundt på vestlandet og lengta etter Amerika. Bandet har masse erfaring med begge deler.  

Bandnamnet har dei lånt frå den tidlegaste homo-organiseringa i Noreg, frå tida då alt måtte vera hemmeleg og diffust. I tillegg vinglar bandmedlemene stadig mellom by og bygd, slik alle gode folk gjer. Dette er foreininga du ikkje visste eksisterte, men no vil teikne livstidsmedlemskap i.   

Då me spurte vokalist og kulturredaktør i Bergens Tidende, Jens Kihl, om å ta med venene sine til Ulvik denne siderslepphelga var han ikkje vond å be. Bandets kontrabassist Lars Korrf Lofthus er som de høyrer på namnet både oppvaksen og busett i Hardanger, og kvar er vel finare stad å vera enn i Hardanger i mai spør han. Resten av bandet stemmer i med det og gler seg til å laga sprudlande stemning under årets Sidersleppkonsert her inst i Hardangerfjorden.  

Dei siste åra har bandet turnert opp og ned langs vestlandskysten og i år kjem også bandet med sitt fyrste album!  

Bandet er samansett av Jens Kihl (vokal), Helene Nilsen (vokal og gitar), Endre Aasebø (el-gitar og vokal), May Frida Bosch (trommer) og Lars Korff Lofthus (kontrabass og vokal). 

 Arrangør er Haugesenteret.

Type:
Konsert

Tid:
Laurdag 24. mai kl. 21.00 

Stad:
Yppal Mat & Drykk