Sidersleppkonsert: Oddny

25. mai, kl. 21.00, Haugesenteret

Gule lauv og lukta av dei
Toler ikkje eg
Det minner meg so fælt om ei
Som ikkje lenger toler meg 

Oddny er nykommarbandet frå Bremanger som kjem som ein rakett i 2024. Med kvardagslyriske tekstar på klingande dialekt og leikne poprocka melodiar har desse fire karane skapa eit musikalsk uttrykk som er umiskjenneleg «oddnysk». 

Denne blømingslaurdagen i Ulvik får me høyra om vestlandsbygdisens møte med byen, om våte kveldar med våte sko, jakta på kjærleiken og draumar om livet. Det vert humoristisk, relaterbart og ikkje minst fengande. Kom på konsert og sett prikken over siderslepp-i-en!

Type:
Konsert

Tid:
25. mai, kl. 21.00

Stad:
Haugesenteret