Skaldane frå Vest: islandsk samtidspoesi

14. september, kl. 17.00, Yppal mat & drykk

Visste du at det islandske ordet for poet er skáld? Fríða Ísberg og Brynja Hjálmsdóttir er to unge skáldar i islandsk samtidslitteratur som har markert seg både heime på sagaøya og ute i verda. Poesifestivalen er glad for å få naboar frå vest på besøk, og for at me får høyra kvada deira tala på det islandske målet – eit språk som Hauge sjølv sette høgt, og beklaga seg over at han aldri lærte seg.

Fríða Ísberg (f.1992) debuterte med diktsamlinga Slitförin i 2017 og i 2019 kom samlinga Leðurjakkaveður. Ìsberg er ein poet med eit sterkt biletspråk og ein kvass lyrisk penn. Ìsberg har motteke ei rekkje prisar for sin forfattarskap og er i dag omsett til meir enn 19 språk. Ho er også medlem av Svikaskáld, eit skrivekollektiv i Reykjarvik som har publisert fleire dikt- og novellesamlingar.

Brynja Hjálmsdóttir (f. 1992) er ein prisvinnande poet som debuterte med diktsamlinga Okfruman i 2019, og fylgde opp med Kona lítur við i 2021. Samlingane er hylla av både kritikarar og lesarar, og er omsett til fleire språk. Hjálmsdóttir har bidrege i fleire tidsskrift og antologiar, og er sett på som ein av dei fremste unge røystene innan islandsk poesi.

Vaksen kr. 150 / Student kr. 100

Type:
Poesifestivalen

Tid:
14. september, kl. 17.00

Stad:
Yppal mat & drykk