Under bergfall — Venelagsprogram med utdeling av Amboltprisen 2024

14. september, kl. 13.30, Rossvoll

Venelaget Olav H. Hauge er arrangør. 

Ein konsert med John Ole Morken, Berit Opheim, Irene Tillung og Lajla Buer Storli. Her får du oppleva Olav H. Hauge sine dikt tolka av fire av våre kjære folkemusikarar. Dei har teke med seg nokre av Per Indrehus sine tonesettingar til Olav H. Hauge sine dikt, men òg freista å komponera nye tonar til dikta. Kanskje ein kan få høyra lyden av eit dikt? Eller kva skjer når ein framfører dikta som folkesongar? Mykje kan skje når desse allsidige musikarane møtast for å tolka dikta til Olav H. Hauge. 

Alle musikarane har solid bakgrunn i folkemusikken, noko konserten ber preg av. Eit variert uttrykk med trekkspel, hardingfele, gitar, fele og song. 

Vaksen kr. 300 / Medlem Venelaget kr. 150 

Type:
Poesifestivalen

Tid:
14. september, kl. 13.30

Stad:
Rossvoll