Veit du ei kjelde

14. september, kl. 13.00, Lekve Gard

Veit du ei kjelde i frosne skogen,
veit du eit hjarta som i einsemdi
vaker og flør?
Der du kan kvila og drikka deg utyrst,
spegla di armod og pussa
pjuskne fjør? 

Korleis les poetane Mona Høvring og Ida Hove Solberg dette Hauge-diktet inn mot eigne dikt?  

Med dette diktet som utgangspunkt vil dei to poetane velja ut dikt frå eigne samlingar som dei vil lesa for publikum. 

Mona Høvring (f. 1962) debuterte med diktsamlinga IIK!! i 1998 og har sidan markert seg som ein forfattar med ein variert forfattarskap innan poesi og prosa. Høvring sin lyriske klang er umiskjenneleg eigen, og den språklege rikdomen stor. Høvring tematiserer ofte individet sine vanskar ved å vera nær med andre menneske. 

Ida Hove Solberg (f. 1987) debuterte i år med diktsamlinga Var det grønt. Ei diktsamling omtala som ein song frå verdas ende, ei diktsamling frå verdas endelykt. Var det grøntspringutav det augeblikket då heile tilværet går i oppløysing. Det er ein sørgesong over det som vert borte, og ein protest mot kvifor det gjekk slik det gjekk. Hove Solberg er eit spennande nytt namn i poesifloraen som me gler oss til å oppleva her i Ulvik. 

Vaksen kr. 200 / Student kr. 100 

Type:
Poesifestivalen

Tid:
14. september, kl. 13.00

Stad:
Lekve Gard