Verdas poesidag: Kvifor snakke med katten? Dialogar i og mellom Olav H. Hauge og Kjartan Hatløy si dikting

Fredag 21. mars, kl. 18.00, Ulvik folkebibliotek

Verda poesidag blir markert 21. mars kvart år. Formålet er å skapa merksemd rundt lesing, skriving, publisering og læring av poesi over heile verda. Haugesenteret har lang tradisjon for å feira denne dagen, og i år blir ikkje noko unntak. Denne fredagen i mars hyller me poesi og dikting med eit føredrag ved vår eigen konservator, Stein Arnold Hevrøy.  Me er glade for å feira dagen på Ulvik folkebibliotek!  

Kvifor snakke med katten? 
Dialogar i og mellom Olav H. Hauge og Kjartan Hatløy si dikting 
Olav H. Hauge er ein av dei mest folkekjære diktarane i Noreg. Han skriv om enkle og kvardagslege ting mange av oss kan relatere oss til. Hauge er også blant dei lyrikarane forskarar har skrive og sagt mest om. I dette føredraget skal me sjå nærare på eit av dei sokalla nyenkle dikta til Hauge, nemleg «Katten», eit dikt overraskande få har tolka tidlegare. Det er altså på høg tid å kome i ein djupare dialog med «Katten», og det skal me gjera ved hjelp av diktinga til ein anna framifrå nynorskpoet, nemleg Kjartan Hatløy.  

Katten 
Katten 
sit i tunet  
når du kjem.  
Snakk litt med katten.  
Det er han som er varast i garden. 

(Hauge 1966/2010, 259)   

Stein Arnold Hevrøy er konservator ved Haugesenteret og forskar på Hauge si dikting. Han har vore redaktør for fleire bøker med nye tolkingar av Hauge sin forfattarskap. 

Type:
Verdas poesidag

Tid:
Fredag 21. mars, kl. 18.00

Stad:
Ulvik folkebibliotek