Barn og unge

Barnehagetilbod

Vi tilbyr omvising for barnehagar som ønskjer å besøke oss, men det er mykje å gjere også for dei som vil ta eit besøk på eiga hand.

Utstillingane opnar for fleire sansar med installasjonar om lyrikk og litteratur som ein kan både kan sjå, høyre og ta på. I basisutstillinga kan du slå nummeret til Hauge på ein gamal bakelittelefon og Hauge svarar sjølv med eit dikt. Inne i poesiverkstaden ligg det til rette for mange aktivitetar som magnetpoesi, teikne- og skriveaktivitetar.

Kattejakt
Katten til Olav H. Hauge har gøymt seg fleire stadar i utstillinga. Gjennom å fylje kattespora finn ungane katten på uventa stader, og blir samtidig kjende med både Hauge og katten. Når alle kattane er funne er det lesestund i kattekroken frå Olav H. Hauge og Bodil Cappelen sin ABC.

Bokformidling
Vi kan også formidle ei bok til dei barnehagane som kjem på besøk. Då samlar vi oss i poesiverkstaden og formidlaren les ei nyare nynorsk barnebok for borna. Etter bokstunda kan barnehagane fritt gå rundt i utstillinga eller gjere aktivitetar inne i poesiverkstaden.
Borna er velkomne til å ete matpakken sin inne hjå oss, eller sitje ute i sola på fine dagar.

Tanke og draum – eit museumsbesøk for alle sansar
Høyr korleis diktaren Olav H. Hauge var som liten gut, gå på kattejakt/ oppdagingsferd i utstillinga og føl deg fram. Vert med å utforsk museet og lyrikk med sansane, teikning, språk og ord!

Foto: Ingvil Skeie Ljones

Tinging og prisar
Omvisingar kan tingast på e-post til formidlar Anja Haugland Svingen  eller på tlf 51 11 53 32. For skular og barnehagar er det gratis å besøka oss. Lærarar og barnehagepersonale går fritt i følgje med klassen / gruppa.

Tilbod for skuleklassar

Tanke og draum – eit museumsbesøk for alle sansar
Høyr korleis diktaren Olav H. Hauge var som liten gut, gå på kattejakt/ oppdagingsferd i utstillinga og føl deg fram. Vert med å utforsk museet og lyrikk med sansane, teikning, språk og ord!

Ein tanke slo meg – bli kjend med Olav H. Hauge
Bli kjend med den unge diktaren Olav H. Hauge, som berre ville lesa og skriva. Slå deg laus og kjenn på di eiga skaparkraft i poesiverkstaden. Dette opplegget er for ungdomsskulen og vidaregåande skule.

Foto: Ingvil Skeie Ljones

MuseumsLosen

Olav H. Hauge-senteret er med og lanserer MuseumsLosen, ein vegvisar til undervising utanfor klasserommet.

Ta elevane med på unike undervisingsopplegg i autentiske omgjevnader. Undervisinga er tilrettelagt og leia av fagpersonar ved musea. Gå til Museumslosen og vel blant 75 fagaktuelle museumsbesøk. Velkomen til MuseumsLosen!

Helsing museumspedagogane ved:
  • Bergen skolemuseum
  • Bergen Sjøfartmuseum
  • Bjørn West museet
  • Det Hanseatiske Museum og Schøtstuene
  • Fjell festning
  • Gamle Bergen museum
  • Håkonshallen
  • Herdla Museum
  • Hordamuseet
  • Aasentunet
  • Kraftmuseet (NVIM)
  • Kystmuseet i Øygarden
  • Lepramuseet
  • Nordsjøfartmuseet
  • Norges Fiskerimuseum
  • Norsk Luftfartmuseum
  • Norsk Oljemuseum
  • Norsk Trikotasjemuseum
  • Haugesenteret
  • Rosenkrantztårnet
  • Vestnorsk utvandringssenter
  • Skeivt Arkiv og MARCUS (digitale læringsressursar ved Universitetsbiblioteket i Bergen)