Haugesenteret
Opningstider
1. september–20. desember
Måndag: stengt
Tysdag–fredag: 10.00–15.00
Laurdag og sundag: stengt
1. mai–31. august
Måndag: stengt
Tysdag–fredag: 10.00–15.30
Laurdag og sundag: 11.00-16.00
2. januar–31.januar
Ope for skular, barnehagar, grupper og arrangement etter avtale. Ta kontakt på haugesenteret@nynorsk.no
Museet er stengt skjærtorsdag, langfredag, påskeaftan, fyrste påskedag, 17. mai, Kristi himmelfartsdag, 2. pinsedag, romjula, og fyrste nyttårsdag.
Prisar
Mållaget, Venelaget Vinje, Venelaget Hauge, tilsette/medlemmar i stiftarinstitusjonane
kr 75I sommarsesongen frå 24. juni til 18. august er det dagleg omvising i utstillinga kl. 12.30. Omvisinga er inkludert i museumsbilletten.
Skular og barnehagar med formidlingsopplegg
Lærarar/assistentar/barnehagepersonale i følgje med klasse/barnegruppe går gratis. Ta kontakt på førehand på haugesenteret@nynorsk.no eller telefon 40 43 60 95.
Gruppebesøk: omvising og skrivekurs
I 2024 tilbyr Haugesenteret to ulike formidlingsopplegg for grupper: omvising og skrivekurs.
Omvising
Diktaren og fruktbonden Olav H. Hauge (1908–1994) har skrive dikt frå kvardag og natur og gjort seg mange tankar om livet og litteraturen. Ved ei omvising i Haugesenteret blir du betre kjend med diktaren, dagbokskrivaren og boksamlaren Hauge. Du får òg sjå kortfilmen «Ordmeisteren Hauge», der lyrikaren fører ordet om dikting og handverk heime i tunet på Rossvoll. Omvising og film varar om lag 45 minutt.
Skrivekurs
I år tilbyr Haugesenteret eit skrivekurs i poesi for besøkande. Her får du prøva deg på å skriva eigne dikt med utgangspunkt i Hauge si dikting. Du får vera kreativ, leika deg med ord og kjenna på eiga skaparkraft. Kurset varar om lag 1 time og passar frå 10 år og oppover.
Tinging av gruppebesøk
Omvising kan tingast gjennom heile året, skrivekurset er eit tilbod frå 1. mai–31. august. I denne perioden kan omvising og skrivekurs kombinerast i eitt gruppebesøk, for ein redusert pris. Ved gruppebesøk utanom opningstid kjem eit tillegg i prisen.
Kontakt oss på e-post til haugesenteret@nynorsk.no eller på telefon +47 70 04 75 70 for tinging eller for meir informasjon.
Sommarpass 2024
Sommarpass 2024
Er du på tur langs Hardangerfjorden eller innom Voss i sommar?
Med vårt sommarpass kan du oppleva kunst, kultur, historie og poesi på 10 ulike museum i Hardanger og Voss til redusert pris gjennom heile sommaren. Med sommarpasset betalar du full pris på inngangsbilletten på ditt fyrste museumsbesøk, deretter får du 50 % rabatt på inngangsbilletten hos dei andre musea du besøker.
Sommarpasset kan du nytta hjå Haugesenteret, Hardanger folkemuseum, Agatunet, Hardanger fartøyvernsenter, Kunsthuset Kabuso, Folgefonnsenteret, Voss folkemuseum, og Kraftmuseet sine arenaer Kraftstasjonen, Kraftlaben og Lilletopp.
Butikken
I museumsbutikken finn du alt frå lyrikkbøker og nynorske barnebøker til Hauge-turkopp, magnetpoesi, handlenett og lokale handverksprodukt. Mange av artiklane i butikken er utvikla av Haugesenteret sjølv, noko som gir eit særeige og unikt utval. Artiklane i museumsbutikken er også tilgjengeleg på handlenett.no – sjå peikar under.
Butikken følgjer museet sine opningstider, i tillegg held den ope i samband med alle arrangement i senteret.
Ein treng ikkje løyse billett til museet for å besøke butikken.
Rossvoll
Fruktgard og heim etter Olav H. Hauge. Eigaren av Rossvoll, Hakestad Gard, tek imot besøk både av grupper og enkeltpersonar etter avtale. Her kjem du til garden der lyrikar og gartnar Olav H. Hauge vaks opp og budde heile livet.
Omvisinga tek omlag 1 time. Pris 200 kr per person.
Kontaktinfo: Stein Olav Hauge Kolås 95 70 08 49, Tove Kolås 95 10 49 55
Tilgjenge og universell utforming
Her finn du oss
Ulvik ligg inst i Hardangerfjorden i Vestland Fylke. Frå Bergen er avstanden ca. 140 km. Frå Oslo ca 350 km.
Parkering, tilkomst og inngang
- Parkeringsplassen ligg rett ved Haugesenteret. Det er 50 meter å gå frå parkeringa til senteret. Personar med behov for dette kan parkere på tilviste parkeringsplassar rett utanfor Haugesenteret.
- Inngangen er lyssett og det er terskelfri inngang. Det er heis ved inngangen opp til resepsjonen.
- Det er mogleg å reise til Ulvik og Haugesenteret med kollektivtrafikk. Det går buss frå Voss og Granvin. Det er mogleg å kombinere med buss eller tog frå Odda, Eidfjord, Bergen eller Oslo. Sjå Skyss. Nærmaste haldeplass er Ulvik hotell. Det er 185 meter å gå frå haldeplassen til Haugesenteret. Frå haldeplassen Ulvik sentrum er det 350 meter å gå.
- Det er sykkelstativ, og det er plass til store syklar (til dømes trehjulssyklar) på utsida av Haugesenteret. Sykkelparkeringa ligg rett ved terskelfri inngang.
- Visst du kjem med hurtigbåten på Hardangerfjorden stoppar båten rett på nedsida av Haugesenteret. Gå rundt bygget, og du kjem inn i utstillinga. Det er ca. 50 meter å gå.
Billettsal
Billettsalet er i betent resepsjon. For arrangement kan ein kjøpe billettar på førehand, på denne heimesida, eller på appen e-billett. Ver obs på at billettar for følgjekort (også kalla ledsagerbevis eller fylgjeprov) må bestillast på e-post eller telefon.
Følgjekort (ofte kalla ledsagerbevis eller fylgjeprov)
Det er fri tilgang til utstillingane for éin person med følgjekort. Om de skal bestille billettar til arrangement med følgjekort: ta kontakt på haugesenteret@nynorsk.no eller telefon 56 52 70 70.
Toalett
Toalettet vårt ligg i andre høgda, er tilgjengeleg med heis og er eit hc-toalett med stellebord.
Tilrettelegging for personar med nedsett rørsleevne (bevegelsesevne)
Det er lagt til rette med ramper for rullestol- og rullatorbrukarar der det er behov. I utstillinga er det heller ingen golvlister til hinder. Alle etasjar er tilgjengelege med heis. Utstillinga er lagd slik at alt skal vere tilgjengeleg frå rullestol-høgd.
Det er stolar og andre sitjemøbel i alle rom i utstillinga, bortsett frå eit mindre rom for temautstilling.
Tilrettelegging for personar med nedsett syn
Lyspunkt er plassert, og me nyttar kontrastfargar, slik at mest mogleg er lesbart for flest mogleg. Det er diverre ikkje punktskrift eller audiogaid i utstillinga.
Me har nokre element i utstillinga som er taktile, og me har nokre lytte-stasjonar. Våre tilsette gir gjerne ein introduksjon til utstillinga.
Me tillét førarhundar i utstillinga og på arrangement.
Tilrettelegging for personar med nedsett høyrsel
Videoar i utstillinga er teksta, og me har gjort tiltak som gjer at lyd i minst mogleg grad smittar frå eit rom til eit anna. Det er diverre ikkje teleslynge ved Haugesenteret.
Tilrettelegging for personar som er kjenslevare for luft-, lyd- eller lysforstyrringar
Reinhaldsrutinane våre gjer at me held utstillingsareala så frie som råd for støv og pollen. Me bed tilsette og publikum vere varsame med bruk av parfyme og sterke luktar.
Lydelementa må oppsøkjast aktivt, og lyden er ganske avgrensa til dei områda.
Det er enkelte taktile element i utstillinga.
Det er vanleg lyssetting, og ikkje bruk av strobelys eller liknande.
Dyr
Det er tilgang for førarhundar og servicehundar i utstillinga. Me reingjer utstillinga slik at ho er så allergivenleg som råd.
Det er ikkje tilgang for andre dyr innandørs på våre arenaer.
Deltaking i fokusgruppe
Me ønskjer å verte betre på universell utforming. Om du ønskjer å bidra i dette arbeidet ved å gi tilbakemeldingar om korleis me kan gjere det betre: kontakt oss på post@nynorsk.no. Me ønskjer å opprette fokusgrupper for alle utstillingar og arrangement, og der ønskjer me deltakarar med ulike behov.