​Teatret Vårt tek med seg Haugtussa til Aasentunet

Laurdag 26. mars kjem Teatret Vårt med Haugtussa til Aasentunet.  

Kollasj Eir Inderhaug, Ola B. Johannessen og Thormod Rønning Kvam

Arne Garborg sin tekst og Edvard Grieg sin musikk er kvar for seg ei stor oppleving. I framsyninga som Teatret Vårt tek med til Aasentunet komande laurdag, er dei sett saman til eit sjeldan møte med begge, der teksten og musikken spelar på lag.  
 
Haugtussa har tidlause kvalitetar og vi er veldig glade for å presentere stykket i Aasentunet denne laurdagen, seier arenaleiar Olav Øyehaug Opsvik. – Ikkje minst er det fint å stå på programmet til 50-årsjubilanten: Teatret Vårt! 

Det er Ola B. Johannessen som har tilrettelagt materialet, og gjennom møtet med Garborgs og Griegs versjonar får publikum ei komplett oppleving av historia til den synske ungjenta Veslemøy (Haugtussa).  

Rikt på stemningar  
Ola B. Johannessen er for mange ein istitusjon av skodespelarkunst. Laurdag har han med seg den legendariske sopranen og formidlaren Eir Inderhaug og pianisten Thormod Rønning Kvam på scena i Aasentunet.  

Haugtussa er eit verk rikt på stemningar, tankar og kjensler i spennet frå ung kjærleik til samfunnskritikk, frå naturlyrikk med preg av Jærnaturen og til mystikken si verd. Garborg nyttar element frå folkediktinga og også inntrykk frå norsk folkemusikk har vore med på å gi verket eigenart. Om Garborg sin tekst skreiv Grieg at «Det er en helt genial bok hvor musikken egentlig allerede er komponert. Man behøver bare å skrive den ned.» 

Diktverket «Haugtussa» har blitt stemt fram til «Norges største lyriske fortelling» og Grieg sin musikk er internasjonal anerkjent. Om Haugtussa hadde blitt ført i pennen på eit verdsspråk, hadde verket kanskje vore like kjent og kjært som Shakespeare sine sonettar? 


Her finn du billettar til framsyninga.