Ine og Edvard Hoem opnar Festspela
For første gong på tre år planlegg Aasentunet for festspel i full storleik. No er størsteparten av programmet offentleggjort, der mellom anna Ine Hoem og Edvard Hoem står for opningskonserten.
– Vi gler oss veldig, samstundes som vi er spente, seier arenaleiar Olav Øyehaug Opsvik og held fram: – 2019-utgåva av Festspela var ein svært vellukka festival og vi tek sikte på at det blir minst like bra med fullskala festival tre år seinare!
Etter den offisielle opninga med mellom anna festspeldiktar Aina Basso saman med musikarane Trygve Seim og Frode Haltli er det duka for at Alt vi har kjært skal få runde av opningskvelden i uteamfiet i Aasentunet.
– At ein så renommert forfattar har ei så dyktig dotter til å tonesetje og framføre diktinga hans er ein unik kombinasjon. Dei var ein del av det digitale programmet vårt i 2020 og sidan den gong har vi vore sikre på at vi må få dei til uteamfiet, seier arenaleiaren.
Tema: Oppgjer
Elles har festspeldiktar Aina Basso fått setje sitt preg på årets program på fleire måtar. I tillegg til at publikum skal få bli kjend med det vide omfanget av hennar litteratur har ho hatt mange innspel til det øvrige programmet, der ein mellom anna kan vente seg samtalar om mangfaldet i nynorsken, fornorskingspolitikken ført mot samar, kvenar og norskfinnar, litteratur om odelsrett og gardsdrift, dødsstraff. Den raude tråden gjennom programmet er «Oppgjer».
– Her trur vi alle litteratur- og samfunnsinteresserte kan finne ein programpost for sin smak. Vi tek sikte på gode, spennande samtalar som vi alle kan bli litt klokare av, seier Opsvik.
Kviss, poesi og vin
I tillegg skal Festspela vere ein arena for å bli underheldt og å nyte god kunst, mat og drikke.
– Vi gler oss til å fylle den trivelege peisestova på Møre folkehøgskule igjen med kviss- og litteraturprogram. I tillegg er vi svært glade for samarbeid med Tredet i Volda om ein poesi- og vinkveld med flott musikk til, seier Opsvik. Til Tredet kjem diktarane Marit Kaldhol, Brynjulf Jung Tjønn og Hilde Myklebust.
Festspela går føre seg i Aasentunet og ved andre arenaer i Ørsta og Volda 9.–12. juni.