Inviterer til rocka familiekonsert

Onsdag 13. april kjem Roald Kaldestad med band til Aasentunet for å halde familiekonsert med humor, fart, spenning og mykje tøff musikk.

Heavykatten med Roy Ole Frøland, Roald Kaldestad og Stig Sandbakk.

– Publikum vil få ei real innføring i heavymusikk og rocketriks med skikkeleg trøkk. Dei i salen kjem til å vere delaktige gjennom heile konserten, og vi lovar ei frisk stund for heile familien, seier Roald Kaldestad.  

Konserten byggjer på fire bøker om Heavykatten, Discodansemusa og pinnsvinet Phillip. Forfattar og musikar Roald Kaldestad har saman med Stig Lundblad-Sandbakk og Roy Ole Førland laga ei musikalsk framsyning om dei tre venene, men understrekar at ein ikkje treng å ha lese bøkene for å ha glede av konserten.

Full fres og fine forteljingar
– Vi synest det er kjempekjekt å kunne invitere til familiekonsert i Aasentunet att, og er veldig glade for at det er nettopp framsyninga om Heavykatten vi skal vise. Bandet har nyleg vore på skuleturne her på Søre Sunnmøre og har fått strålande tilbakemeldingar, så dette er sikre på vert veldig bra, seier formidlar ved Aasentunet Ida Aarflot Kornberg.

Førestillinga varer rundt 35 minutt og passar best for barn frå fire år og oppover. Her blir det full fres, god stemning og fine forteljingar.