Inviterer til skeiv kulturkveld i Aasentunet

Onsdag 11. mai inviterer Aasentunet til skeiv kulturkveld med føredrag og forfattarsamtale. Arrangementet er i samband med Skeivt kulturår og vert arrangert i samarbeid med Bygdepride.

Kollasj Bjørn Hatterud, Kristin Fridtun, Geir Egil Eiksund og Hanne Marie Johansen
Bjørn Hatterud, Kristin Fridtun, Geir Egil Eiksund og Hanne Marie Johansen kjem alle til Aasentunet under skeiv kulturkveld, onsdag 11. mai.

– Vi synest det er viktig å vere ein del av Bygdepride og er stolte over programmet vi no kan presentere, seier Ida Karin Aarflot Kornberg, formidlar i Aasentunet.

På programmet står føredrag om boka Skeive linjer i norsk historie. Frå norrøn tid til i dag med forfattar Hanne Marie Johansen, samt forfattarsamtale mellom Bjørn Hatterud, Kristin Fridtun og Geir Egil Eiksund. Journalist og forfattar Bjørn Vatne er samtaleleiar.

Haldningar til likekjønna kjærleik gjennom historia
Hanne Marie Johansen er tilsett ved Senter for kvinne- og kjønnsforsking (SKOK) og Universitetet i Bergen. I 2019 gav ho ut fagboka Skeive linjer i norsk historie. Frå norrøn tid til i dag. Boka vart til som resultat av manglande historiefagleg litteratur på feltet, og omhandlar utviklinga frå usynleggjering og straffeforfylging til psykiatrisk behandling og vidare til likestilling i vår tid. Under føredraget i Aasentunet vil Johansen mellom anna ta opp haldningar til likekjønna kjærleik og seksualitet opp gjennom historia, og drøfte korleis dette har vore sanksjonert.

– Homoseksuelle blir i historia ofte studert i samanheng med urbane subkulturar, men finns det ikkje også spor etter gruppa i bygdehistoria? Kva kjelder har vi for å følgje desse spora? spør ho i føredraget.

Gode samtaler og tid til refleksjon
I forfattarsamtalen skal Bjørn Hatterud, Kristin Fridtun og Geir Egil Eiksund snakke om litteratur som har vore viktig for dei i barne– og ungdomsåra. Kva bøker tydde ekstra mykje, og var det noko dei sakna i litteraturen dei hadde tilgjengeleg?

Eiksund har sjølv skrive ei bok som han meiner han hadde hatt godt av å lese då han vaks opp og forstod at han var homofil. Fridtun trekk fram sakprosa om kjønnsteori, og viktigheita av å sette eigne røynsler inn i samanheng.

Aasentunet ser fram til ei fin stund med gode samtaler, tid til refleksjon og diskusjon om viktige spørsmål. Som ei forlenging av samarbeidet mellom Aasentunet og Bygdepride vil utvalde skuleklasser i Ørsta og Volda få tilbod om å sjå framsyninga Hjarte i alle fargar med Charlotte Øster, i veka etter Bygdepride.