Konsert for barnefamiliar på nynorske pilotbibliotek
17.–20. november tek Annlaug Børsheim med seg fela si og besøkjer dei nynorske pilotbiblioteka med konsert for barnefamiliar.
Det er Nynorsk kultursentrum og biblioteka i Hemsedal, Lom, Skjåk og Hægebostad og Eiken (avdeling Kollemo) som inviterer til familiekonsert på dei nynorske pilotbiblioteka. Dei nynorske pilotbiblioteka samarbeider med Nynorsk kultursentrum om å gjere nynorsk kultur og litteratur meir synleg.
Musikken til Annlaug Børsheim er inspirert av folkemusikk og ho speler både fele og gitar på scena. Dette blir ein stemningsfull konsert for barna.
Då Annlaug Børsheim las boka Eg er eg er eg er av Ruth Lillegraven for første gong var det som om dikta hennar traff både den vesle jenta og den vaksne dama i henne, ofte i eitt og same dikt. Dei var fulle av liv og undring, dei var vakre og melankolske, og så musikalske og rytmiske. Ho tonesette dei til forestillingsrekka «Alle har en liten dør bak øret» og det var så inspirerande at ho har tonesett fleire og laga ein eigen konsert med desse dikta.
Fleire nynorsktilbod på biblioteka
Hemsedal, Lom og Hægebostad og Eiken bibliotek er tre av fem pilotbibliotek i landet som saman med Nynorsk kultursentrum vil gjere nynorsk kultur og litteratur meir synleg. I tillegg får borna i Skjåk også glede av eit utvida tilbod, i samarbeid med pilotbiblioteket i Lom. Skulebiblioteket ved Skeisvang videregående skole i Haugesund og Sandnes bibliotek er også nynorske pilotbibliotek.
– Vi samarbeider tett med biblioteka om å arrangere konsertar, foredrag og samtalar med bakgrunn i nynorsk skriftkultur dei neste to åra. Vi vil også tilby vandreutstillingar og samlingar for dei tilsette, slik at publikum får endå fleire gode tilbod på nynorsk i desse områda, seier Tone Slenes, avdelingsleiar i Nynorsk kultursentrum.
Turnéplan for familiekonsertane med Annlaug Børsheim
17. november kl. 12, Hægebostad og Eiken bibliotek, avdeling Kollemo
18. november kl. 18, Lom folkebibliotek
19. november kl. 13, Skjåk folkebibliotek (barnehagar), i samarbeid med pilotbiblioteket i Lom
20. november kl. 11, Hemsedal bibliotek i samarbeid med Trøll i ord